Kronprinsessa vert beskyttar for Nynorsk kultursentrum

Kongefamilien fekk nynorskkritikk då Ingrid Alexandra byrja på ein internasjonal skule. No vert kronprinsesse Mette-Marit beskyttar for Nynorsk kultursentrum.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ærefullt at kongefamilien vil heidre nynorsk skriftkultur på denne måten.

Det seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Lodve Solholm, i ei pressemelding.

Litteraturengasjert kronprinsesse

Ordninga med kongeleg beskyttarskap fungerer som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige område av samfunnslivet, ifølgje kongehuset.no.

Kronprinsesse Mette-Marit har i ei årrekkje vore engasjert i formidlinga av norsk litteratur og er allereie beskyttar for Hamsundagane.

– Kronprinsessa er eit førebilete med si genuine interesse for litteratur, og anerkjenninga hennar er ein stor inspirasjon for oss, seier administrasjonssjef Gaute Øvereng i Nynorsk kultursentrum.

Nynorsk kultursentrum har som føremål å arbeide for nynorsk skriftkultur gjennom arrangement, utstillingar, forsking, dokumentasjon og fysisk og digital formidling.

Stiftinga driftar Haugesenteret i Ulvik, Vinjesenteret i Vinje og Asentunet i Ørsta, der dei kvart år arrangerer Dei nynorske festspela.

Nynorskkritikk

Då det vart kjent at Ingrid Alexandra skulle gå på privatskulen Oslo International School, fekk kongefamilien kritikk frå Noregs Mållag for å ikkje prioritera nynorsk i opplæringa.

Mette-Marit svara til NTB at dei hadde sett i verk fleire tiltak, som at prinsessa måtte lese Å vere i livet av Halldis Moren Vesaas i forbindelse med kongeparets 25-årsjubileum.

– Nynorsk er ein veldig viktig del av norsk identitet og kultur. Det er viktig for mange som har det som morsmål. Og det er vår jobb som foreldre, å sørgje for at prinsessa blir opplært i nynorsk. Det er vi veldig bevisste på og gjer heime, sa kronprinsessa i 2016.


Les også: Maud Angelica (17) med sitt første prosjekt for psykisk helse

Dette er etiketten Maud Angelica Behn har illustrert. Foto: Lif Laga

H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit har desse faste beskyttarskapa:

  • Agder Vitenskapsakademi
  • Amandus Filmfestival
  • Det Norske Jentekor
  • FOKUS
  • Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
  • Hamsundagene
  • Kristiansand Internasjonale Barnefilmfestival
  • Norges Røde Kors
  • Norges Speiderforbund
  • Norsk Bibliotekforening
  • Nynorsk kultursentrum
  • Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival
  • Risør Kammermusikkfest
  • Rådet for psykisk helse
  • Skamløsprisen
  • Stiftelsen Fullriggeren ”Sørlandet”

Kjelde: Kongehuset.no