Mette-Marit: – Vår jobb å lære prinsessa nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mette-Marit: – Eit sant mirakel

Noregs Mållag er blant dei som har kritisert at prinsessa ikkje vil bli undervist i nynorsk ved privatskulen Oslo International School.

– Det tenkjer eg er viktig at dei seier, sa kronprinsessa til NTB då ho tysdag kveld svarte på kritikken for første gong.

– Nynorsk er ein veldig viktig del av norsk identitet og kultur. Det er viktig for mange som har det som morsmål. Og det er vår jobb som foreldre, å sørgje for at prinsessa blir opplært i nynorsk. Det er vi veldig bevisste på og gjer heime, la kronprinsessa til.

Tiltak

Mette-Marit seier dei har «sett i verk fleire tiltak» for at prinsessa skal lære nynorsk, og viser blant anna til at Ingrid Alexandra las diktet «Å vere i livet» av Halldis Moren Vesaas i samband med 25-årsjubileet til kongeparet.

Tysdag markerte kronprinsessa kvinnedagen med å tale under Nynorsk kvinnepower i Litteraturhuset i Oslo. Arrangementet tok for seg framveksten av nye kvinnelege forfattarstemmer innan nynorsk litteratur

– Eg er glad og stolt over å kunne vere med på å løfte forfattarar fram, sa kronprinsessa, og viste til dei litterære togreisene ho har lagt ut på og fått stor merksemd om.

– Litteraturen har alltid vore ein stad der det blir spurt kva det vil seie å vere menneske. Litteraturen er mitt eige rom, der eg utviklar meg sjølv som menneske, la ho til.

LES OGSÅ: Maria Parr i selskap med Mette-Marit

Mirakel

Kronprinsesse Mette-Marit meiner det er oppsiktsvekkjande at eit lite land som Noreg har så mange forfattarar som vekkjer oppsikt og begeistring internasjonalt.

– Det er verkeleg – som Kjartan Fløgstad skreiv i sitt essay i 2012 – eit sant mirakel, sa kronprinsessa i sin tale under arrangementet.

Framfor sju populære kvinnelege forfattarar og ein fullsett sal i Litteraturhuset snakka ho varmt om «det nynorske språkrommet».

– Eg synest det var ein flott markering av kvinnelege forfattarar som vel å skrive på nynorsk, morsmålet sitt. Det har vore ein fantastisk fin kveld, sa Mette-Marit til NTB i etterkant.

Kjartan Fløgstad – som styrte samtalen med blant andre Ruth Lillegraven, Marit Eikemo, Olaug Nilsen, Agnes Ravatn og Gunnhild Øyehaug – meiner nynorsk litteratur aldri har vore så god som han er no, ikkje minst takka vere dei nye, kvinnelege forfattarane. (©NPK)

Meld deg på nyhendebrevet vårt med siste boknytt ein gong i veka!