«Rusreforma – Arbeidarpartiet svikta dei mest sårbare»

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Fredag stemte Arbeidarpartiet ned rusreforma til regjeringa. Det er ei stemme for å vidareføra dagens ruspolitikk. Den same ruspolitikken som bidrar til at 260 liv går tapt, kvart einaste år.
«Vi må lytta til politiet, ikkje til rusliberalistane i Venstre» – sa Arbeidarpartiet sin ordførar Tore Sandvik. Arbeidarpartiet er tydelegvis meir opptatt av å ta avstand frå Venstre enn å redda liv.
For medan Venstre baserer seg på tiår med forsking og ein 417 siders lang fagrapport, lyttar Arbeidarpartiet til høglydte ordførarar, Resett og Sylvi Listhaug.
Feilslått politikk
La det vera ingen tvil: dagens ruspolitikk er feilslått. Vi ligg på Europa-toppen i overdosedødsfall. Samtidig bruker vi ressursane våre på å kjempa mot narkotikalovbrot, heller enn å styrka hjelpeapparatet.
SSB sine statistikkar viser at fleire tusen menneske i Noreg kvart år blir dømt til vilkårslause fengselsstraffer, der brot på narkotikaavgjerder er hovudlovbrotet.
Vi veit at straff ikkje fungerer.
Derfor er Venstre si rusreform nødvendig. Ho vil avkriminalisera bruk og innehaving av narkotika. Narkotika vil bli verande ulovleg, men det skal ikkje vera straffbart for eige bruk. Fordi vi veit at straff ikkje fungerer.
Straff bidrar til stigmatisering, utanforskap og rammar svært skeivt. Det legg ei ekstra byrde til dei som har det verst. Og kampen vi lenge har kjempa mot narkotika, er i seg sjølv meiningslaus: all tilgjengeleg forsking viser at det ikkje er nokon samanheng mellom straff og rusbruk.
- Les meir om innhaldet i rusreforma her: Regjeringa vil avkriminalisere innehav og bruk av mindre mengder narkotika
Viktig for ungdom
Enkelte motstandarar av rusreforma har hevda at dette er ei reform som ikkje treffer ungdommen på riktig måte. Det er feil.
Å slutta å straffa er ikkje berre viktig for tunge rusavhengige, men også for ungdom som prøver rus for første gang. I møte med ulovleg rus seier 40 prosent at dei vegra seg for å tilkalla ambulanse i frykt for at politiet skulle komma.
Straff skader. Det hindrar folk frå å søka hjelp. Derfor er Venstre si rusreform viktig – fordi ho senkar terskelen for å be om hjelp.
Ei rusreform som ikkje går inn for å fjerna straff, er inga reell reform
Når Arbeidarpartiet seier dei berre vil avkriminalisera for tunge rusavhengige bryt dei òg med prinsippet om likskap for lova. Straffelova vår kriminaliserer handlingar uavhengig av kven gjerningspersonen er. Det finst straffritaksgrunnar, og enkelte menneske kan ikkje idømmast straff fordi dei er utilreknelege. Men sjølve gjerninga er i utgangspunktet straffbar, og det gjeld for alle.
Arbeidarpartiet sitt ønske om å berre straffa såkalla «rekreasjonsbrukarar» er rett og slett juridisk uhaldbart.
Sviktar den sosialdemokratiske arven
Og la oss kalla ein spade for ein spade – ei rusreform som ikkje går inn for å fjerna straff, er inga reell reform. Å seia nei til Venstre si rusreform er å seia ja til å fortsetja å gjera vondt verre for dei mest sårbare. Det er eit svik mot den sosialdemokratiske arven. Mot dei som treng hjelp.
Arbeidarpartiet har støtt og stadig sagt at det no skal bli «vanlege folk sin tur». Det gjeld openbert ikkje brukarane eller dei pårørande. Dei må venta på turen sin. Ein kan berre håpa på at han éin dag kjem.
Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!