Malin Skagen (22) jobbar som konditor og er ein del av Noregs konditorlandslag: – Eg ville ikkje bytt det ut med noko.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg har vore permittert under heile pandemien, men håpar snart å vere tilbake på jobb igjen.
Det skriv Malin Skagen (22) på epost til Framtida.no. Ho er ein av utøvarane på konditorlandslaget, og jobbar til vanleg som konditor på det historiske hotellet Lysebu, som ligg i Holmenkollen i Oslo.
Men det siste året har Skagen fått merke følgjene av dei strenge koronatiltaka og den langvarige nedstenginga av hovudstaden. Det har verken vore konkurransar for landslaget å delta i, eller mange vanlege arbeidsdagar som konditor på eit hotell.
– Eg byrja i jobben 1. desember 2019, så eg har eigentleg ikkje fått jobba så mykje enda, fortel ho.
Ingen kontorjobb
– Eg ønska ikkje ein vanleg «kontorjobb», samstundes som eg kanskje var litt lei skule. Valet fall då på restaurant og matfag, der eg fort fann ut at det var konditor eg ville bli.
Skagen har svennebrev i konditorfag. Vidare var ho læring hos Baker Hansen, og har arbeidd som konditor hos Thon Hotell Oslo Airport, før ho fekk den noverande jobben hos Lysebu. Ho fortel at ho fekk jobben gjennom felles bekjente.
– Det er gjerne sånn ein får seg jobb i bransjen, avslører ho.
– Svarte yrket til forventningane?
– Det har det absolutt gjort, eg ville ikkje bytt det ut med noko!
Aldri ein lik dag
– Det første eg gjer når eg kjem på jobb er å sjå over lista for kva som skal gjerast og produserast den dagen.
Malin Skagen fortel at ho vidare skriv ei lita liste for kva dei skal gjere, og deler ut forskjellige arbeidsoppgåver.
– Det som er så gøy, er at det aldri skjer det same kvar dag. Når lister er skrivne og arbeidsoppgåver fordelt, jobbar vi med å produsere alt frå kaker til dessertbuffen vi har, dessertar til restauranten, bryllupskaker og så vidare.
Konditoren synest det beste med jobben er at ho får jobbe kreativt.
– Samt å lage produkt ein er stolt av og som folk set pris på, legg ho til.
– Kva er det mest utfordrande?
– For min del er det å leve opp til sine eigne forventingar, og alltid levere eit produkt som er betre enn det førre.
Tøft yrke
Malin Skagen vil seie at ho ikkje var heilt førebudd på kor tøft konditoryrket eigentleg er.
– Dei fleste stadane krev at ein jobbar både effektivt og nøye, men det er berre sånn det er på eit kjøken. Når ein kjem inn i rutinane, så er det likevel den beste jobben i verda.
Ho trur mange kan ha den feiloppfatninga at det som konditor er mykje masseproduksjon av kaker, som til dømes marsipankake, og legg til:
– Det finst stadar som gjer dette også, men det er mange konditorar som jobbar i restaurantar, på hotell og så vidare, og der er det veldig mykje forskjellig ein gjer i løpet av ein dag.
Av det mest utrulege som har hendt ho på jobb, nemner ho folk som kjem med spesielle allergiar.
– Det dukkar alltid opp nokon rare allergiar, men det raraste er nok då eg jobba på hotell og ein gjest var allergisk mot steinaldermat.
Finn ut kva du vil
Ifølgje landslagskonditor Malin Skagen passar yrket for dei som likar kreativt arbeid, å jobbe med smak og tekstur og å jobbe effektivt.
– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?
– Kanskje å finne ut kva for retningar innan konditorverda ein ønskjer å ta. Om det er å jobbe som tradisjonell konditor, eller til dømes å jobbe som dessertkokk på ein restaurant.
Sjølv drøymer ho om å opne noko eige ein dag.
– Der vi tenkjer sesongbasert og berre brukar det beste av råvarer.
Les også om korleis kvardagen er som kokk: – Eg skulle eigentleg verte skodespelar, for det var det eg ville, men eg fekk ikkje lov av mamma, fortel Asbjørn «Kokkejævel» Sandøy.
Malin Skagen
Alder: 22
Frå: Lillestrøm
Yrke: Konditor
Utdanning: Svennebrev som konditor