Bokmelding av «Helt ærlig»: – Sjeldan har eg vore så usikker på kva eg synest
Boka «Helt ærlig» av Kirsten Holtmon Resaland og Astrid Nylander Almaas er ujamn. Ho bit over for mykje og er ufokusert. Men det er heller ikkje tvil om at boka er full av kunnskap.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Boka Helt ærlig handlar om korleis det er å vera menneske og om korleis det er å vera ung. I eit mylder av tankar og opplevingar ønskjer denne boka å kunna gje svar på nokre av dei mange viktige spørsmåla som ungdom har.
Nokre av temaa som blir teke opp er identitet, kropp, psykisk helse og seksualitet.
Helt ærlig er skriven psykologen Kirsten Holtmon Resaland og legen Astrid Nylander Almaas. Båe to har lang erfaring med å jobba med barn og unge. Det finst ikkje tvil om at boka har fagleg tyngde og er til å stola på.
Mange kompromiss
Sjeldan har eg vore så usikker på kva eg synest om ei bok. Helt ærlig er ei bok som er prega av mange kompromiss. I arbeidet med boka har det nok vore mange ulike omsyn å ta. Men dessverre er det ofte uklart kva boka faktisk vil.
Til dømes kan språket bli oppfatta som banalt og med ein påteken ungdommeleg stil – det blir berre kleint. Men boka er òg lettleseleg og tydeleg, og det er jo bra.
Eg trur òg at boka tek for seg for mange ulike tema. Tendensen er at ting berre blir forklart overflatisk. Fleire gongar blei eg, etter å ha lese ferdig eit kapittel, sitjande igjen med fleire spørsmål enn det eg hadde når eg starta.
Av og til skulle eg ønskt at boka tok seg tid til å gå djupare inn i dei ulike emna. Eller kanskje ho kunne ha vore betre på å visa til andre plassar der ein kan læra meir.
Lettare å bruka Google
Det eg verkeleg er skeptisk til er om boka når fram til dei som kan trenga ho. Boka er bortimot 400 sider lang og på størrelse med ein murstein. Då er det kanskje lettare å bruka google for å finna svar på det ein lurar på.
Me får håpa at det finst mange gode lærarar og bibliotekarar der ute som er gode på å formidla Helt ærlig til akkurat dei personane som bør lesa boka.
Helt ærlig er ei bok som er korkje heilt fantastisk eller skikkeleg dårleg, men midt på treet. Og det er vel eigentleg heilt ok.
- Les også intervjuet med forfattar, skodespelar og nynorsktalent Eili Harboe: – Eg føler jo at eg har eit nært forhold til nynorsk som skriftspråk, og kjenner på eit ansvar for at han ikkje skal svinne hen.
Fakta
- Tittel: Helt ærlig – om hvordan vi henger sammen
- Forfattarar: Kirsten Holtmon Resaland og Astrid Nylander Almaas
- Forlag: Cappelen Damm
- Utgitt: 2020
- Sjanger: Sakprosa