Nynorskkommune mest effektiv

 Stordal kommune på Sunnmøre er kåra til Noregs mest effektive. Næringslivets Hovedorganisasjon(NHO) står bak kåringa. 

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med 1 026 innbyggjarar og 14 tilsette i administrasjonen, går Stordal kommune i Møre og Romsdal heilt til topps i NHOs EffektivitetsNM.  

Undersøkinga er gjennomført av selskapet Vista Analyse, som har nytta offisiell kommunestatistikk. Dei har sett på effektivitet i forvaltninga, ressursutnytting, bruk av marknaden og storleiken på gebyr og avgifter. Bak Stordal fylgjer meir folkerike kommune, som Aurskog-Høland, Gausdal, Asker og Nittedal.

LES OGSÅ: Små kommunar seier nei til å bli større

– Stordal kommune er nok litt atypisk i dette biletet, men vi gratulerar dei med sigeren, seier direktør for næringspolitikk i NHO, Petter Haas Brubakk. Organisasjonen peikar på at Stordal særleg skåra i kategorien ”bruk av markedet” fordi kommunen har sett bort fleire teneester, særleg i teknisk sektor.

Stas
– Vi har alltid meint vi meint vi har vore den mest effektive kommunen, seier rådmann Lars Joranger til Dagens Næringsliv.

– Det er veldig stas å få fyrstepremien i denne kåringa. Vi tek det som ein signal på at vi driv relativt godt, seier ordførar Charles Tøsse frå Høgre, til avisa. I tillegg til å utmerke seg med bruk av marknaden, har kommunen lågt sjukefråvær og ingen eigedomssats.  

Møbelnæringa er den viktigaste i kommunen, med stor del av sysselsettinga. Det siste året har kommunen og investert i ny barne- og ungdomsskule.

LES OGSÅ: Mest nøgd i små kommunar

Bjugn på botn
I fylgje statistikken er Bjugn kommune i Sør-Trøndelag, den minst effektive i landet. Kommunen har 4 584 innbyggjarar.  

Også resten av botnlista er dominert av kommune med under 5000 innbyggjarar. I fylgje NHO bur berre ein prosent av innbyggjarane i Noreg i dei 20 minst effektive kommunane.

Sjekk ut di kommune her

LES OGSÅ: Eldsjelar viktigast for vekst