Operasjon Dagsverk 2021 skal støtta ungdom i Sør-Afrika

Årets Operasjon Dagsverk skal støtte ungdom frå Sør-Afrika i kampen mot sosial urettferd. OD-dagen vil finne stad på skular over heile landet 4. november.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Operasjon Dagsverk-leiar Hedda Oven Halvorsen (19). Foto: OD

Prosjektet vil bli gjennomført i samarbeid med KFUK-KFUM Global og dei lokale partnarane deira i Sør-Afrika. Det vart bestemt onsdag av elevar frå heile Noreg på Elevtinget, skriv Operasjon Dagsverk (OD) i ei pressemelding.

– Mange ungdommar i Sør-Afrika blir fødde inn i ei skeivfordelt verd. Fleire år etter apartheid finn vi framleis mange urettferdig strukturar. Eg gler meg til å sjå kva norske og sørafrikanske ungdommar kan få til saman, seier leiar Hedda Oven Halvorsen (19) i OD.

Arven etter apartheid

Prosjektet har som mål å skape moglegheiter og hjelpe ungdom med å handtere vanskelege opplevingar, ifølgje pressemeldinga.

– Arven etter apartheid har gjort at mange unge fell utanfor samfunnet. Dette prosjektet vil motverke utanforskapet og bidra til å skape sunne og trygge lokalsamfunn for tusenvis av unge menneske, seier dagleg leiar Fredrik Glad-Gjernes i KFUK-KFUM Global.

I fjor var Operasjon Dagsverk usikre på om dei klarte å gjennomføra, men la opp til ein digital og smittevenleg dugnad.