Rekordmange ungdomsbedrifter

Aldri før har det vore så mange ungdomsbedrifter i Sogn og Fjordane som i dette skuleåret.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Bedrift nr. 73 registrerte seg nyleg på Sogndal vgs. Trykk-co UB.

– Dette er høge tal for vårt fylke. Det meste me har hatt på eit skuleår er 72 ungdomsbedrifter. Så dette er ny rekord. På Luster vgs er heile 50 prosent av elevane med i ungdomsbedrift og 11 ungdomsbedrifter på ein rein yrkesfagleg skule som Øyrane vgs. med 350 elevar er rett og slett imponerande, seier ein svært nøgd vgs. ansvarleg Eivind Husabø.

Forretningsidéane spenner frå sosialt entreprenørskap med solidaritetsarbeid og treningstilbod for innvandrarar til hi-tech elektro bedrifter med avansert LED teknologi. Fleire av bedriftene har designa sine eigne produkt innanfor klede og smykker. Det er mange gode bedrifter innan mat- og restaurant faget. I Florø har dei eigen entreprenør- UB som kan både forskaling, mur og bygg/konstruksjon.

LES SAKA I SOGN AVIS!