Forbrukarrådet klagar Tiktok inn til EU-kommisjonen

Forbrukarrådet og 16 andre forbrukarorganisasjonar klagar inn appen Tiktok for å leggje til rette for ulovleg reklame mot barn.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tiktok gjer det mogleg å målrette reklame for mellom anna usunn mat og drikke og skjønnheitsprodukt mot barn, og mykje av reklamen blir skjult i form av konkurransar og effektar.

Det kjem fram i ein ny rapport frå den europeiske forbrukarorganisasjonen (BEUC).

Forbrukardirektør: – Eit spesielt ansvar

Forbrukardirektør Inger Lise Blyverket reagerer på funna.

– Tiktok er fullt klar over at dei har brukarar både over og under 13 år, og har eit spesielt ansvar for at dei yngste brukarane blir varetekne og skjerma for denne typen innhald, seier direktøren i Forbrukarrådet i ei pressemelding.

Forbrukardirektør i Forbrukarrådet Inger Lise Blyverket. Foto: John Trygve Tollefsen

På bakgrunn av funna i rapporten klagar no 17 forbrukarorganisasjonar frå 15 land inn Tiktok til det europeiske nettverket av forbrukartilsyn (CPC-nettverket) og til EU-kommisjonen for brot på fleire forbrukarlover.

Forbrukarrådet ber òg Forbrukartilsynet og Medietilsynet sjå på praksisen til selskapet.


Press-leiar Lea Mariero skriv om kvifor TikTok er nominert til årets Gullbarbie. Foto: Unsplash, Pressefoto. Kollasj: Framtida.no