Disney skal lage klimafilm på Svalbard

Til våren skal Disney filme klimaendringane på Svalbard.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Disney skal lage klimafilm på Svalbard

I mars og mai skal Disneys naturfilmselskap filme på Svalbard. Sysselmannen har gitt løyve til 20 helikopterlandingar på ulike brear på Spitsbergen.

Disney-filmen skal dokumentere utfordringane som følgje av klimaendringane, skriv  Svalbardposten

Ifølgje PolarX, som hjelper Disneynature med formelt arbeid, har prosjektet eit «massivt potensial» for å nå ut til publikum.

Filmselskapet har fått landingsløyve på Negribreen, Kvalbreen og Kongsvegen for å frakte personell. Løyvet føreset at dyr og fuglar ikkje blir forstyrra, og dessutan at naturen ikkje får varige spor.


Les ogsåI løpet av 15 år i Longyearbyen har Line Nagell Ylvisåker sett følgjene av eit varmare klima på nært hald. 

Journalist Line Nagell Ylvisåker debuterer no som forfattar med boka «Verda mi smeltar». Foto: Samlaget