Sterkt møte med Nepal

Årets Operasjon Dagsverk går til utdanning for kastelause ungdommar i Nepal. Steffen Mio Kristiansen har vore to gonger i Nepal og lært mykje av møtet med Samvad-elevane.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å besøka Nepal var sterkt. Forskjellane frå det ein ser her i Noreg er store, fortel Steffen Mio Kristiansen. Leiaren for Operasjon Dagsverk (OD) reiste til Nepal første gong i vår saman med Strømmestifelsen som står bak årets OD-prosjektet.

– Eg besøkte landsbyar med hus på 5-10 kvadratmeter som skulle husa like mange menneske, fortel OD-leiaren, og held fram:

– Sanitære tilhøve er fråverande, det same gjeld materielle gode og fritidstilbod. Trass i dei openbare manglane ein opplever er det ikkje dette ein sit igjen med. Det eg hugsar frå besøket er alle ungdomane som jobbar for endring. Ungdomane erkjenner at Nepal har store utfordringar, men ser løysingar og ei framtid for seg sjølv og Nepal.

LES OGSÅ: Skal jobbe for ungdom i Nepal

Dei mest undertrykte
Midlane frå OD 2012 skal gå til eit eittårig utdanningsprogram for ungdom i Nepal. Først og fremst vil prosjektet støtta dei undertrykte dalitane – dei som er kastelause. Prosjektet heiter Samvad, noko som betyr dialog på nepali. Målet er å oppretta 1000 Samvad-senter for 25.000 ungdommar.

Kvifor er årets prosjekt viktig?
– Årets prosjekt er viktig fordi det støttar dei aller mest undertrykte i det nepalske samfunnet. Dalitane, dei kastelause, er ei gløymd gruppe som i lang tid har vore offer for ei grov diskriminering. Årets OD-prosjekt vil bidra til å gje kastelaus ungdom sjølvtillit, trua på seg sjølv og større høve til å endra eigen situasjon. Pengane som blir jobba inn på årets OD-dag skal brukast på eit eittårig utdanningsprosjekt som blant anna vil gje ungdomane lese- og skriveferdigheiter, opplæring i rettar og kunnskap om likestilling, helse og seksualitet. Behovet er stort, og det er viktig å veta at prosjektet treff ei utsett målgruppe.

Korleis var møtet med Samvad-elevane?
– Å møte Samvad-deltakarane var utruleg inntrykksfullt. Ungdomane me møtte var nysgjerrige, reflekterte og ivrige. Me var så heldige at me fekk besøka ei rekkje ulike Samvad-senter og stille spørsmål og utveksla tankar med deltakarane. Å faktisk møte dei ungdomane som er deltakarar på årets prosjekt, var nok det mest inspirerande ved turane.

Kva kan me læra av elevane på Samvad?
– For min eigen del er det engasjementet eg vil ta med meg vidare i livet. Ungdomane eg møtte på Samvadsentera hadde klare visjonar og draumar, og jobba hardt for å nå måla sine. Dei greip høvet dei hadde fått til utdanning gjennom prosjektet som OD støttar i år, noko som vil ha mykje å seia for korleis framtida vil sjå ut. Eg trur me kan læra noko av nettopp dette – det å gripa høva ein får til å gjere ein skilnad for seg sjølv eller andre.

(artikkelen held fram under bildet!)

Engasjerte: Sigrid Vigdisdatter Berg, Embla Husby Jørgensen og Steffen Mio Kristiansen i Nepal. Foto: OD


Får de besøk frå nokon frå Nepal før eller under aksjonen?

– I løpet av dette året har me vore så heldige å få besøk frå Nepal to gonger. I mai fekk me besøk av to nepalske ungdomar og to representantar frå Strømmestiftelsen Nepal. Dette besøket gav høve til å fortsetja det påbegynte skrivesamarbeidet, og gje ungdomane høve til å påverka årets kampanje. I tillegg til dette, hadde me òg fire nepalske ungdomar på besøk i august. Desse deltok på eit seminar for OD sine tillitsvalde i distrikta. Gjestene våre fekk høve til å fortelja om sin kvardag framfor 100 norske ungdomar. Begge besøka var vellukka, og begge partar meinte at dei fekk mykje ut av dette.

LES OGSÅ: 40.000 drepne kvart år

Korleis ligg de an med påmelde skular?
– Akkurat no har me 170.000 påmelde elevar og lærarar på 614 skular. Dette er noko færre enn same tid i fjor. Dei siste åra har ein hatt ein nedgang i talet påmeldte skular. Det er mange ulike faktorar som spelar inn når det gjeld deltaking på Operasjon Dagsverk. Nokre skular blir samanslått, medan andre skular vel å ha eigne prosjekt. OD sine tillitsvalde nyttar mykje tid på å ringa rundt til skular og verva dei til årets aksjon, og me reknar med at fleire kjem til å melde seg på i løpet av dei næraste dagane.

 

Sjå infofilm frå Operasjon Dagsverk her:

Kast systemet from Operasjon Dagsverk on Vimeo.

Faktaboks

I 1963 blei kastesystemet avskaffa i Nepal, men 50 år etter blir det praktisert fortsatt. Nedst på rangstigen finn me dei kastelause. OD 2012 skal gi kastelaus ungdom utdanning – og makt til å endra eit system.

Les meir på Operasjons Dagsverk sine heimesider!