New Zealand har fått sin første kvinnelege utanriksminister med urfolksopphav

Nanaia Mahuta vert den nye utanriksministeren i det som ligg an til å verte ein av dei mest mangfaldige nasjonalforsamlingane i verda.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For fire år sidan vart māoriske Nanaia Mahuta den første kvinnelege medlemen i New Zealand si nasjonalforsamling med moko kauae, den tradisjonelle tatoveringa på haka.

No vert Mahuta også den første kvinnelege utanriksministeren med urfolksopphav i landets historie.

Det melder CNN.

Opnar stengde dører

Nanaia Muhata vart vald inn i nasjonalforsamlinga for første gong i 1996, og representerer Arbeidarpartiet i New Zealand.

Då ho vart utpeika til landets neste utanriksminister fortalde Muhata at ho var priviligert som får leie utanrikssamtalane dei neste åra.

– Eg håpar mange andre kvinner med māorisk og blanda opphav frå heile New Zealand vil sjå dette som å igjen opne dørene til område som til no har vore stengde for oss når det gjeld profesjonelle mogelegheiter, sa Muhata ifølgje Radio New Zealand.

Nanaia Muhata skal ta til i jobben 6. november, og tek over etter Winston Peters, som også har māorisk opphav.

Verdas mest mangfaldige nasjonalforsamling

Statsminister Jacinda Ardern. Foto: Governor-General of New Zealand

Arbeidarpartiet i New Zealand vart gjenvalt førre månad, og statsminister Jacinda Ardern fekk fornya tillit.

Den komande nasjonalforsamlinga ligg an til å verte eit av verdas mest mangfaldige, ifølgje CNN.

Halvparten av medlemmane kjem til å vere kvinner og kring ti prosent av medlemmane er opent LHBT+. 

På verdsbasis held kvinner berre 24 prosent av setene i nasjonalforsamlingane, og tidlegare var det Storbritannia som kunne skryte på seg å ha flest LHBT+politikarar i si nasjonalforsamling, med sine sju prosent.

Då ho annonserte si nye regjering, sa Jacinda Ardern ifølgje CNN at ho er stolt over kor mangfaldig den er.

– Dei speglar det New Zealand som valde dei.

Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0 / Privat