Ny satsing for å få unge i arbeid

AUF er strålande nøgde med at ungdomsgarantien blir forbetra.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

I statsbudsjettet for neste år innfører regjeringa ein ny ungdomsgaranti som skal hjelpa arbeidsledig ungdom å koma i jobb raskare.

– Dette er den viktigaste satsinga for å kjempa mot arbeidsløyse blant ungdom på lang tid, seier AUF-leiar Eskil Pedersen.

LES OGSÅ: Arbeidsledige løftar seg inn i arbeidslivet

Tilpassa plan
Den nye satsinga gjer at alle opp til 25 år innan ein månad skal få ein skreddarsydd aktivitetsplan med tiltak basert på kva for behov ein har.

– For oss er det viktig at flest mogleg får sjansen til å kome i arbeid. No innfører regjeringa ein ny ungdomssatsing som gjev fleire unge eit tilbod som er tilpassa behova deira, og det vil tilsetjast fleire personar ved dei største NAV-kontora som skal jobbe med unge arbeidsledige, seier Pedersen.

– Å hindre at ungdom går arbeidsledige er ein av dei beste investeringane me kan gjera. At me no får ein forsterka ungdomsgaranti er ein stor siger for AUF, seier Pedersen.

Den nye garantien inneber at ungdom som har behov for bistand for å kome i arbeid eller utdanning, men som ikkje har nedsett arbeidsevne, skal garanterast ein aktivitetsplan innan ein månad etter at dei har fått eit oppfølgingsvedtak frå NAV-kontoret.

LES OGSÅ: Det store fattigdomsdilemmaet

25 millionar
Aktivitetsplanen skal utarbeidast i samarbeid med brukaren, og er ein plan for kva som skal til for at han eller ho skal kome i arbeid. Denne planen kan innehalde tiltak og verkemiddel frå NAV, men òg andre tilbod som skule, helse og psykiatri dersom den einskilde har behov for det for å nå målet om arbeid. Ved å kome tidleg i gang med ein slik plan, kan ein òg kome tidleg i gang med den bistanden som skal til.

Det blir sett av 30 millionar i neste års statsbudsjett for å sikre den forbetra ungdomsgarantien og for skiping av 25 stillingar for eigne kontaktpersonar ved dei største NAV-kontora.