– Nynorskhatet lever på internett

Sjølv om språktoleransen har auka, opplever nynorskbrukarar framleis nedvurdering og sjikane. Det sa Ottar Grepstad i den siste årstalen sin onsdag.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tolv argument for nynorsk

Under overskrifta «Draumen om målet» peika direktøren for Nynorsk kultursentrum på at nynorsken framleis blir møtt med intoleranse og sjikane, men no oftare på internett enn andre stader.

– Dei siste tiåra har den språklege toleransen auka, det kulturelle mangfaldet er blitt større, og sjikanen har søkt ly i det virtuelle verdsrommet. Fleire stader i landet er likevel nynorskbrukarar framleis meir provoserande enn menneske med utanlandsk bakgrunn, sa Ottar Grepstad i den tolvte og aller siste årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur.

– I Noreg er toleransen for forskjellar i tale større enn for skilnader i skrift. Nynorsken må ha aksept og respekt, kunne stå på eigne bein. Eit reelt språkleg mangfald kan ta form når eit språk blir respektert og verdsett i bruk på mange ulike område. Slik er det berre av og til, her og der, sa nynorskdirektøren i talen, som han heldt «heime» på Aasen-tunet i Hovdebygda.

Argument for nynorsk
Grepstad nytta elles talen til å byggje opp det han kallar ein ny og moderne argumentasjon for det nynorske språket.

– Det blir tenkt annleis om språk over heile verda i dag enn for berre få tiår sidan. Det bør også vise att i den norske språkdebatten, seier Grepstad om talen.

I talen formulerte han på meir fyndig vis i alt tolv moderne argument for nynorsk, til dømes at «nynorsk har gjort Noreg til eit språk- og kulturpolitisk moderne land», og at «den som kan meir enn eitt språk, same kor gjensidig forståelege dei er, får fleire tankar i hovudet».

Gå til temasidene våre for nynorsk her!

Fersk statistikk
Grepstad baud òg på ny statistikk. Han kunne fortelje at sosialøkonomen Asbjørn Torvanger no har oppdatert overslaget sitt over personar med nynorskbakgrunn i Noreg frå 1985, slik Grepstad lovde å be han om i den første årstalen i 2001.

Mens det midt i åttiåra var vel 850.000 nynorskbrukarar i landet, var talet i 2011 falle til 780.000, ifølgje reknestykket til Torvanger.

– Når tala blir korrigerte for den språklege lekkasjen til bokmål, blir konklusjonen at nynorskbrukarane er blitt færre, men framleis er mange, konstaterte Grepstad og la til:

– Nynorskbrukarane har vore fleire enn offentleg språkpolitikk har føresett og er blitt færre enn den same språkpolitikken har greidd å hindre.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

Årstalane i bokform
Med den siste årstalen har også alle dei tolv talane no vorte samla mellom to permar under tittelen «Draumen om målet. Tilstandsrapportar frå Norge og Noreg».

– Der er alt med, også alle fotnotane ingen har høyrt, seier Grepstad om boka.

– Moroa ligg i notane.

At siste ordet no er sagt i rekkja av årstalar, betyr likevel ikkje at Grepstad har tenkt å teie framover.

– Eg blir nok ikkje heilt stille etter dette. Råd og styre i Nynorsk kultursentrum skal leggje premissane for utviklinga av nye og uventa format i arbeidet med å hevde nynorskens rett og eigenverdi, seier han.

Faktaboks

Ottar Grepstads tolv argument for nynorsk:
1. Den nynorske skriftkulturen har skapt Noreg og utvida Norge.
2. Nynorsk finst fordi nynorsk finst.
3. Den som kan meir enn eitt språk, same kor gjensidig forståelege dei er, får fleire tankar i hovudet.
4. Nynorsk er eit språk som har gitt fleire nordmenn høve til å forstå meir av eige liv.
5. Nynorsk held oppe presset for talemålsnær skrift og har flytta bokmål nærmare talemålet.
6. Nynorsk gjer fleire nordmenn merksame på og opptekne av den eigenverdien språk har.
7. Å møte nynorsk gir innvandrarane eit breiare bilete av det å leve i Noreg i det 21. hundreåret.
8. Nynorsk er eit språk for demokrati: Meir språk gav folkestyre, og folkestyret utvida språket.
9. Det dreiar seg ikkje om kva eg skal ha rett til, men kva eg må vere villig til å gi andre rett til.
10. Nynorsk skaper mangfald.
11. Spørsmålet er ikkje om bokmålsbrukarane treng nynorsk, men om dei bør få bruk for det språket.
12. Nynorsk har gjort Noreg til eit språk- og kulturpolitisk moderne land. (©NPK)