Nektar å køyra på bokmål

Trøya passar perfekt, men det gjer ikkje teksten. – Nettbuss får plagget i retur, seier Jens Brekke.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

«Jeg kjører for deg!» står det på venstrearmen og det får bussjåførvikaren ut av fatning.

– Det går berre ikkje an i eit nynorskfylke, seier Jens Brekke og meiner Nettbuss presterer ein skivebom i profileringa av selskapet.

Kunne vore unngått
Brekke meiner tabben kunne vore unngått med noko så enkelt som å byta jeg med eg.

– «Eg kjører for deg!» er lovleg på begge målføra, seier Jens Brekke som returnerte trøya tysdag føremiddag.

Nettbuss hadde ordna med returporto i tilfelle noko var i vegen.

Under rubrikken returårsak skriv Jens Brekke: «Feil tekst på armen. Skal vera på nynorsk. Sogn og Fjordane er eit nynorskfylke».

QUIZ: Skjønar du bokmål?

Overkøyring
Jens Brekke meiner bommerten er tradisjonell overkøyring av nynorskbrukarane.

– Kan du tenkja for eit oppstyr det hadde vorte om bussjåførane i Oslo hadde stilt i trøyer med teksten «Eg kjører for deg!» Det hadde vorte litt av eit sirkus, seier bussjåføren som har vikariert for Sogn Billag i 40 år.

LES OGSÅ: – Mange ser på nynorsk som ei plage

– Positivt med engasjement
Jens Brekke får ønsket om nynorske trøyer oppfylt … om eit par år.

– Det er berre positivt at sjåførane i Nettbuss Sogn Billag har eit engasjement for nynorsk, seier administrerande direktør i Nettbuss Sogn Billag, Per Steinar Sviggum.

Han fortel at dei opphavleg ønskte seg trøyer med nynorsk tekst.

Les saka i Sogn Avis!