Halvorsen vil kutte i elevplassar

Meiner det er oppretta for mange elevplassar for yrkesfagelevar som tek påbyggingsår for studiekompetanse.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil kutte i elevplassar

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) meiner mange yrkesfagelevar innleider det krevjande skuleåret utan føresetnad for å lykkast, melder Kommunal Rapport.

Avisa skriv at stadig fleire hoppar av yrkesopplæringa og i staden gir seg i kast med påbyggingsåret for å få studiekompetanse. Problemet er at nesten halvparten av dei drygt 13.000 elevane stryk. Dermed står dei att utan verken vitnemål eller fagbrev.

– Fylka har oppretta altfor mange elevplassar på påbygg. Når dei til og med gir elevar som har stroke på første og andre trinn på vidaregåande lov å starte på det tøffe påbyggingsåret, så er det grunn til å rope eit varsku, seier Halvorsen.

Ho ber fylkeskommunane sjå til Rogaland, der talet på elevplassar er redusert frå rundt 900 til 300.

– Det er i utgangspunktet positivt at mange ønskjer studiekompetanse. Men det er eit misforhold mellom føresetnadene til elevane og dei krava påbyggingsåret stiller, seier rådgjevar Magne Nesvik i opplæringsavdelinga i Rogaland fylkeskommune. (©NPK)