– Trønderdialekt vert brukt for å vise raringar på tv

Kan øydeleggje den språklege sjølvtilliten til barn, meiner dialektforskar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Raringane bruker denne dialekten

– Trøndersk skil seg ut som dialekten med lågast status på barne-tv og i filmar. Han er stempla som rar og gir negative assosiasjonar, seier dialektforskar Ann-Kristin Molde ved Nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen til Adresseavisen.

Ho meiner at engasjerte og brutale figurar på barne-tv ofte er bergensarar, medan trøndarar gjerne vert framstilte som naive og treige typar med brautande bygdemål. Dette handlar om kva oppfatning folk har fått av sine landsmenn frå ulike stader i landet, trur Molde.

– Austlendingar blir sett på som dei mest seriøse tv-figurane. Når produsentar hentar inn karakterar i ein film, trur eg dei tenkjer at ei rar rolle passar for dei med brei dialekt. Det forsterkar stereotypiane, meiner ho.

LES OGSÅ: Pondus legg om til dialekt

Molde påpeikar at forsterking av stereotypar kan slå uheldig ut for barn.

– Det er ikkje bra at dei lærer desse fordommane så tidleg. Når barne-tv og -filmar har flest karakterar som pratar austnorsk, viser det at vi ikkje har full dialekttoleranse i landet. Det kan påverke den opplevinga barnet har av seg sjølv, seier dialektforskaren.

Ifølgje professor i nordisk språkvitskap ved NTNU, Kristin Melum Eide, utviklar barn betre språkforståing når dei får kjennskap til fleire dialektar.

LES OGSÅ: Dette er Noregs mest sexy dialekt

– Barn er ekstremt lydhøyre for språk. Dei har forståing for ulike grammatiske utformingar, og når små barn lærer mange dialektar vil dei få ei grunnleggjande forståing for språk resten av livet, seier ho.

Eide meiner derfor at barne-tv kan spele ei stor rolle for språkutviklinga til barn. (©NPK)

Bør trønderane tåla såpass? Eller er statskanalen med på å spreia fordommar om ulike dialektbrukarar på denne måten? Diskutér i kommentarfeltet!