Fattige fiskarar fryktar norsk laks
– Kan få negative konsekvensar for millionar av menneske som har fisk som einaste inntekt, seier ungdomsorganisasjonen Spire.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Noreg er verdas nest største eksportør av fisk, og regjeringa har ambisjonar om å gjera landets vårt til den største sjømatnasjonen i verda. Gjennom EFTA inngår Noreg frihandelsavtalar over heile verda for å sikra tilgjenge til nye marknader for norsk oppdrettslaks, og fri import av fôrfisk til norsk oppdrettslaks.
– Frihandelsavtalar styrkjer kanskje norsk eksportnæring, men kan ha omfattande negative konsekvensar for millionar av menneske som har fisk som einaste livsgrunnlag, seier Harald Sakarias Hansen. Han er leiar for ungdomsorganisasjonen til Utviklingsfondet, Spire.
LES OGSÅ: Så viktig er fisken for Noreg
– Uheldige konsekvensar
Ved årsskiftet lanserer regjeringa stortingsmeldinga om sjømat. Spire krev at regjeringa tek ansvar, og at det ikkje berre blir ei julegåve til dei store lakseoppdrettsselskapa.
– Norsk lakseoppdrett har omfattande økologiske og sosiale ringverknader globalt. Det er på tide med ein offentleg debatt om Noreg som sjømatnasjon, seier Spire-leiaren.
Måndag lanserte Spire ein rapport om korleis norske fiskeriinteresser står i kontrast til interessene til fattige fiskarar i Kerala-regionen i India.
Harald Sakarias Hansen var sjølv på feltarbeid i Kerala, India, i mai 2012, saman med sentralstyremedlem Hanne Margrete Johnsen.
– Her oppdaga vi at millionar av kystfiskarar ikkje føler seg inkludert i forhandlingsprosessen om frihandelsavtale med EFTA, og at dei ikkje har fått høve til å delta i den globale marknaden.
LES OGSÅ: Vil laga fiskefôr av Mongstad-eksos
Forhandlar med India
Stadig fleire handelsavtalar legg avgrensingar på høva til India for å forvalta sin eigen fisk. Ein frihandelsavtale mellom EFTA og India som er under forhandling skal innehalda ein investeringsdel som potensielt kan innskrenka suvereniteten til India på området.
– Forhandlingane er hemmelege, og sivilsamfunn har ikkje tilgjenge til kva som skjer før avtalene er ratifisert, seier Spire-leiaren.
Han meiner at Noreg, som ein av dei største fiskerinasjonane i verda, har eit stort ansvar i arbeidet for ein meir berekraftig forvaltning av hava i verda. Spire krev difor konsekvensanalysar av økologiske og sosiale effektar før frihandelsavtaler blir underskrive.
Nærings- og handelsdepartementet svarar at frihandelsavtalaneer folkerettslege avtalar som ikkje er dekt av utgreiingsinstruksen.
– Det føreligg difor ikkje noko formelt krav om at desse avtalane skal konsekvensutgreiast. Me legg likevel stor vekt på å ha ein open dialog med ulike interessentar og organisasjonar i tilknyting til desse forhandlingsprosessane, der også breiare tema blir drøfta, skriv departementet i ein epost til Framtida.no.
LES OGSÅ: Parasitten, pengane og politikken
33 millionar sjømatmåltid om dagen
Norsk landbruk blir verna med høge tollmurar fordi det er småskala, lite konkurransedyktig og har ein verdi utover matproduksjonen. Samstundes er norsk fiskeri stort, industrialisert og konkurransedyktig. I mange utviklingsland er dette motsett, og det er eit behov for å verna fiskerinæringa.
Framtida.no spurde Fiskeridepartementet om kvifor det er så stor skilnad på landbruks- og fiskeripolitikken til Noreg:
– Noreg produserer om lag 3 millionar tonn sjømat årleg. Dette er så mykje at berre 3 -5 prosent blir ete i Noreg. For å setja tala i perspektiv har Norges sjømatråd rekna ut at det kvar dag heile året eksportert 33 millionar sjømatmåltid. Det er håp om at heimekonsumet auka, med auka konsum per innbyggjar og auka folkesetnad. Det er likevel ikkje sannsynleg at det blir så stort heimekonsum at ikkje rundt 90 prosent går til eksport. Norske fiskarar og oppdrettarar er difor ikkje opptekne av å bli verna, og meir opptekne av å få selt produkta til andre land, skriv kommunikasjonsrådgjevar Pål Einar Skogrand, på vegne av departementet.
Kva gjer Noreg for at andre land kan få verna fiskeria sine, slik me får verna landbruket vårt?
– Samanlikna med andre matvarer, er fisk i utprega grad ei internasjonal handelsvare. Ein tredjedel av den globale produksjonen av sjømat blir handla over landegrensene.
– Av all fisk som blir handla internasjonalt kjem 50 prosent frå u-land. Mange u-land har offensive interesser i forhold til handel med sjømat. Andre u-land, som ønskjer å verne småskala fiskeri og nytta tollbarrierar for dette formål, har stort sett høve til dette. I frihandelsavtalane til EFTA blir det gjeve høve for unntak for tollnedtrapping, og EFTA er fleksibel når det gjeld nedtrappingsperiodar for sensitive produkt i forhandlingar med u-land, skriv Fiskeridepartementet, og legg til at Noreg gjev høve for å vise fleksibilitet i særlege tilfelle.
Spire-leiar Harald Sakarias Hansen seier dette til svaret til Fiskeridepartementet:
– Me meiner det er avgjerande at land blir sikra handlingsrom til å utvikla si eiga forvaltning. Dette meiner me at dei blir fråtatt gjennom bilaterale handelsavtalar som ikkje berre opnar marknaden, men også legg avgrensingar på suverenitet til å bestemma kven som skal kunne fiska, og der sivilsamfunn blir heldt heilt utanfor gjennom heile prosessen fram mot ratifisering av frihandelsavtalane.