NTNU, UiO og NHH er valt ut til europeisk storsatsing

Universitetet i Oslo, NTNU i Trondheim og Norges Handelshøyskole skal delta i europeisk prestisjesamarbeid.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Europakommisjonen annonserte torsdag 24 nye europeiske universitetsnettverk, såkalla «European Universities». I hard konkurranse med europeiske utdanningsinstitusjonar har Universitetet i Oslo, NTNU og Norges Handelshøgskule blitt valde ut til å delta.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. Foto: Regjeringen

Asheim: – Ei stor anerkjenning

– Dette er ei stor anerkjenning av den internasjonale satsinga hos norske universitet og høgskular. Europeisk samarbeid er svært verdifullt for samfunnet og bidrar til å auke kvaliteten på norsk utdanning. Derfor er det utruleg viktig at norske institusjonar deltar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i ei pressemelding.

Totalt består initiativet av over 280 europeiske universitet fordelt på 41 nettverk. I 2019 blei Universitetet i Stavanger og Universitetet i Bergen, gjennom dei europeiske nettverka sine, dei to første norske til å bli valt ut.

Samarbeid for fellesløysingar

Universitetsnettverka skal aktivt tiltrekke seg studentar som kan samarbeide på tvers av språk, landegrenser og fagdisiplinar. Målet er at studentane skal tileigne seg kompetansen som er naudsynt for å møte dei globale samfunnsutfordringane og kunnskapsbehovet Europa står overfor.

– Norske universitet og høgskular har viktige kvalitetar som kan bidra til å gjere europeisk høgare utdanning endå betre. European Univiersities gjer det mogleg for norske utdanningsinstitusjonar å samarbeide for å finne løysingar på felles utfordringar, seier Asheim.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, meiner det var ei klønete formulering av Universitetet I Oslo og er glad dei retta opp feilen. Foto: Språkrådet