Nordmenn trur ikkje nordmenn følgjer smittevernråda
Berre ein av fire har tillit til at folk flest i Noreg følgjer smittevernråda, viser ei fersk undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje Norsk Koronamonitor frå Opinion opplyser 28 prosent av dei 6.000 spurde at dei har tillit til at folk flest i Noreg følgjer råd og retningslinjer for å unngå smitte. 50 prosent svarer nei, medan 22 prosent er uvisse.
– Tilliten vi nordmenn har til kvarandre for tida, er sjokkerande låg, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.
Les også: Nær halvparten av befolkninga har lese falske nyheiter om koronaviruset
Tiltrua halvert sidan mai
Tala viser at tiltrua blant folk har stupt den siste tida. I slutten av mai svarte nesten dobbelt så mange, 51 prosent, bekreftande på tillitsspørsmålet. 28 prosent svarte då nei og 21 prosent var usikre.
Undersøkinga har òg kartlagt kva nesten 10.000 nordmenn meiner om avgjerda til styresmaktene om å opne samfunnet igjen, og om dette går for fort, i riktig tempo eller for sakte.
Her viser tala at 41 prosent oppgir at det går for fort, 50 prosent i riktig tempo og 9 prosent for sakte.
Les også: Unge kjenner seg meir einsame under koronakrisa