Privatisteksamen gjekk som planlagt
Elevar i tiande klasse og på vidaregåande fekk eksamenane sine avlyste, men for privatistane gjekk eksamen som planlagt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) gleder seg over at privatisteksamen vart gjennomført som planlagt, trass i koronasituasjonen.
– Utan ein formidabel innsats frå fylka, som gjennomfører privatisteksamenar, hadde det aldri gått, seier ho i ei pressemelding.
Ho påpeikar at desse eksamenane vart høgt prioriterte for å sikre at ingen blir forseinka i utdanningsløpet sitt.
Fylkeskommunane hadde fått rundt 58.000 påmeldingar til privatisteksamenar, men cirka 10.000 melde seg av i etterkant. Det vart gjennomført flest eksamenar i faga norsk og matematikk.