Første landet på Vest-Balkan legaliserer likekjønna partnarskap: – Ein historisk dag
For eitt år sidan vart lovforslaget stemt ned, men no vert likekjønna par endeleg juridisk anerkjende i Montenegro.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Onsdag vedtok parlamentet i Montenegro ei lov som legaliserer likekjønna partnerskap, og vart då det første landet på Vest-Balkan som juridisk anerkjenner likekjønna par.
– [Det er] ei stadfesting på at samfunnet vårt modnast, aksepterer og lever med ulikskapar. Fødde frie og like i verdigheit og rettar, skreiv presidenten Milo Djukanovic på Twitter.
Det var Deutsche Welle som først omtalte saka.
– Historisk dag
Lova gjev likekjønna par dei same rettane som heterofile, men utan mogelegheita til å adoptere born.
42 av dei 81 medlemmane i parlamentet stemde for lova, som for berre eitt år sidan vart stemd ned. Berre fem stemde mot.
Ifølgje Deutsche Welle valde dei fleste motstandarane av lova å ikkje stemme, og skildra likekjønna sivilt partnarskap som noko dei vert påtvinga av «globale verds-satanistar».
Då resultatet var klart kunne den montenegriske organisasjonen LGBT Forum Progres omsider sleppe jubelen laus:
– [Dette er ein] historisk dag for oss alle og LHBTI-rørsla i Montenegro! skriv dei på Twitter.
Montenegro er også i forhandlingar med EU om medlemskap, og den montenegriske presidenten skriv på Twitter at landet no er «eit steg nærare å verte med i dei mest utvikla verdsdemokratia».
- Les også saka: Desse landa opna for homofile ekteskap det siste tiåret