Forskar på sosiale nettverk hos kyr
Forskarar undersøker no dei sosiale nettverka til kyr for å finne ut meir om korleis ein kan legge til rette for betre dyrevelferd.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er britiske forskarar på Universitetet i Exeter som har sett i gong eit treårig forskingsprosjekt på mjølkekyr og deira sosiale nettverk. Det er frå før kjent at det er vanleg med sosiale hierarki og faste relasjonar i grupper av storfe. Ein vil no freiste å nytte kunnskapen om dette til å legge til rette for dyra si velferd og helse på ein betre måte.
Betre produksjon av mjølk kan difor også vere eit underliggande argument for å rettferdiggjere denne sosiologiske kuforskninga, som har blitt møtt med brei merksemd i mange internasjonale medium.
LES MEIR: Professor oppmodar til småskalaproduksjon
Ei ku frå eller til har mykje å seie
Ny kunnskap om ville dyrepopulasjonar støttar opp kring tanken om at gruppestrukturen og relasjonane mellom dyra påverkar helsa og velværet deira.
– Viss ein fjernar eller legg til eit dyr frå ei etablert gruppe, kan dynamikken bli drastisk endra, seier Darren Croft, forskaren som leier kuprosjektet, på universitetet sine heimesider.
Han legg til at kyr er sosiale dyr der kvar eitt individ påverkar korleis gruppa sett under eitt har det. Målet er å finne ut akkurat kor viktige desse gruppestrukturane er.
– Vi veit at det å kunne leve i stabile, sosiale grupper kan påverke dyr si velferd og produksjon på ein vesentleg måte. Målet er at forskninga vår kan bidra med viktige innsikter som igjen kan føre til lukkelegare og sunnare kyr, seier Croft.
LES MEIR: Karoline var mjølkebonde på heiltid som 21-åring
Skal rettleie bøndene
Prosjektet vert gjennomført ved at kyr på ein del utvalde gardar i Sør-England vert merka med halsband som skal kartlegge dei interne posisjonane kvar ku har til dei andre i gruppa.
Natasha Boyland, som er doktorgradstipendiat på prosjektet, skal vere ute på markene for å få prosjeket til å fungere.
– Vi kjem til å undersøke samspelet mellom kyrne for å sjå korleis relasjonar vert skapte og vedlikehaldte innan ein og same flokk, seier ho.
– Ved å jamføre posisjonsdata frå halsbanda, og anna informasjon om dyra, som helsestatusen, håpar vi å samle bevis som kan bli omforma til praktiske råd for bønder når det kjem til korleis kyrne bør handsamast, forklarar Boyland.