Undersøking: Fire av ti har sykla i fylla

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kantar har gjennomført ei landsomfattande undersøking for Trygg Trafikk og Tryg Forsikring blant norske syklistar som har sykla minst éin gong eller meir det siste året.

Kommunikasjonsrådgjevar i Trygg Trafikk, Ann-Helen Hansen

Eitt av funna er at nesten halvparten – 43 prosent – innrømmer å ha sykla i rusa tilstand.

– Når du drikk, blir dømmekrafta, risikoforståinga og reaksjonsevna svekt – og det mykje fortare enn ein trur. Då utgjer du ein fare både for deg sjølv og andre. Derfor meiner vi at folk bør tenkje om sykkelen som dei tenkjer om bilen: La han stå viss du har drukke, seier kommunikasjonsrådgivar Ann-Helen Hansen i Trygg Trafikk i ei pressemelding.

Les også: Bilkøyring med ytterjakke aukar risikoen for skade

Dei fleste hugsar hjelm

54 prosent oppgir at dei alltid bruker hjelm, og 19 prosent at dei gjer det som oftast. Likevel er det framleis nesten to av ti – 19 prosent – av oss som sjeldan eller aldri tek på oss hjelmen.

Det er på dei korte turane at dei fleste oftast droppar hjelmen. På toppen av lista er turar til butikken og andre ærend med 45 prosent, fritidsturar med 30 prosent og andre småturar med 28 prosent.

Les også: Bilar er bygd for menn, kvinner vert skadde

Volvo merker seg positivt ut med å ta høgde for ulike kjønn og kroppar i arbeidet med biltryggleik. Illustrasjonsfoto: kardboard604/Flickr/CC BY-NC 2.0