Bilar er bygde for menn, kvinnene vert skadde

Industriell innovasjon har vore prega av menn, det vitnar produkta om. No vil Volvo snu.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 27.06.2019 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Menn har større sannsyn enn kvinner til å vere innblanda i trafikkulukker, men kvinner har større sannsyn for å verte skadde eller miste livet dersom dei vert råka.

Ein av årsakane til dette er truleg at dukkene frå kollisjonstestar er forma etter menn.

Det skriv Kilden Kjønnsforskning.

Mannsdominert

Ikkje berre er måla baserte på ein gjennomsnittleg mann, men testane tek også utgangspunkt i sitjeposisjonen til ein mann (i eit bilsete laga for menn).

Om «kvinnelege» testdokker vert nytta, er dei gjerne nedskalerte versjonar av mannlege, utan omsyn til at kvinner og menn er bygde og samansette på anna vis. Dei sit også oftast i passasjersetet under kollisjonstesten.

Etter testdokker å dømme eksisterer knapt gravide sjåførar.

Eit heiderleg unntak frå dette er Volvo. Dei siste 40 åra har den svenske bilprodusenten forska på biltryggleik for begge kjønn og fleire kroppsformer. Resultata har dei nytta til å utforme virtuelle testdokker, og betre tilpassa seter.

Les også: Kvinnene fekk berre ein tredel av taletida i Game of Thrones

Innovasjon i ubalanse

Men bilbransjen er ikkje åleine om å vere blinde på kjønnsforskjellar. Det manglar framleis mykje kunnskap om kjønnsperspektiv på innovasjon, erkjenner Anne Kjersti Fahlvik, områdedirektør for næringsliv og teknologi i Forskingsrådet.

Forskingsrådet arbeider med å innføre ein policy for kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv i forsking og innovasjon.

– No er vi spesielt opptekne av å få meir kunnskap om strukturelle og kulturelle aspekt som er til hinder for endringar, seier Fahlvik til Kilden Kjønnsforskning.

Samstundes ser dei lovande tendensar hjå studentgründerar.

– Av dei 13 prosjekta som vart innvilga i 2018, hadde berre eitt kvinneleg prosjektleiar. Det kunne vi ikkje leve med, seier Fahlvik.

Ved årets tildeling var kvinnedelen oppe i 44 prosent. Områdedirektør i Forskingsrådet understreker at endå ordninga berre er ein liten del av arbeidet, så kan den vere eit teikn på kva retning ein er på veg.

Les også: Total mannsdominans på utdanningane til gitar, bass og trommer – No vil utdanningsinstitusjonar ta grep for å sikre at fleire kvinner søkjer