Bilkøyring med ytterjakke aukar risikoen for skade
Berre 16,4 prosent av oss tar av ytterjakka når vi køyrer bil, ifølgje fersk undersøking. Yttertøy fører til at bilbeltet fungerer dårlegare.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Bilbeltet er det enklaste og mest effektive hjelpemiddelet for å redusere talet skadde og drepne i trafikken. Når du brukar tjukke plagg under sikringsbeltet, skapar det større avstand mellom kroppen og beltet. Må du bremse hardt eller er uheldig og krasjar, vil ikkje beltet bli stramma ordentleg, og i verste fall kan du skli ut av setet, seier kommunikasjonsrådgivar Nils Sødal i NAF i ei pressemelding.
I undersøkinga som InFact har gjort for NAF, svarer berre 16,4 prosent av dei spurde at dei alltid tar av seg ytterjakka når dei køyrer bil. 21,1 prosent av mennene tar alltid av seg ytterjakka, medan 11,6 prosent av kvinnene svarer det same.
Kvinner flinkare enn menn
På lengre turar er kvinnene flinkare enn menn til å ta av ytterjakka. 51,2 prosent av mennene tar av seg ytterjakka på lange bilturar, medan 56,1 prosent av kvinnene gjer det same.
I undersøkinga kjem det òg fram at elbilistar er flinkare til å ta av seg ytterjakka enn dei som køyrer bensin- og dieselbil. Blant elbilistane svarar 20,1 prosent at dei alltid tar av seg ytterjakka, mens 56,5 prosent berre gjer det på langtur. For bensin-, hybrid- og dieselbilistane er tilsvarande tal 12,8 prosent og 50,6 prosent. (©NPK)
- LES OGSÅ: Bilar er bygde for menn – kvinner blir skadde. No vil Volvo snu.