Ny master i dokumentar
Denne veka starta dei første 26 studentane som skal ta Noregs første master i dokumentar og journalistikk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Masteren har vore etterlengta for fleire av studentane ved mediefag.
– Med denne mastergraden blir arbeidsmarknaden min større, slår Ida Ankile Johnsen fast. Johnsen har både bachelorgrad i journalistikk og den eittårige vidareutdanninga Fjernsynsreportasje og dokumentarfilm frå Høgskulen i Volda. For henne var det svært gunstig at ho no også kan få ta ein mastergrad og bygge på vidareutdanninga si.
– Det er ein stor fordel å ha ein mastergrad framfor å «berre» ha ei vidareutdanning. Det er fleire ulike måtar å bruke graden på, og den vil opne opp for moglegheiter innan foto, regi, reportasje, dokumentar, media og film, fortel Johnsen til HiVolda.no.
Unik master
Ida Ankile Johnsen er ikkje den einaste som har studert i Volda før. Dei fleste studentane på den nye mastergraden har tidlegare studert mediefag i Volda, også Morten Åsland. Han underviser i dag mediefag både på vidaregåande skule og ved Kunnskapsparken Helgeland, og for han er mastergraden viktig for å få opprykk og kunne bygge på med ein doktorgrad seinare.
– Volda har hatt journalistikkutdanning lenge, og det var på tide at skulen fekk ein master innan mediefag. Kompetansen til dei tilsette er her jo, seier Åsland som gler seg til å kome tilbake som student i Volda.
Praktisk master
Master i dokumentar og journalistikk er den første masteren i Noreg som fokuserer spesielt på dokumentarjournalistikk for alle ulike medium som radio, avis, nett, tv og film.
– Dette er ein master med stor vekt på det praktiske og det er mulig å la masteroppgåva vere ein journalistisk produksjon i tillegg til ei skriftleg oppgåve, fortel førstelektor Pål Aam.