Dette irriterer nordmenn mest på noregsferie
Vêret, mangel på varme og at ein eigentleg vil til utlandet, er topp tre av ting som irriterer nordmenn med noregsferie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det viser ei undersøking utført av Norstat på vegner av Frende forsikring.
– Vinnaren av den upopulære kåringa er soleklar. Vêret irriterer flest, etterfølgt av mangelen på sydenvarme. Dei to heng jo også tett saman, seier kommunikasjonssjef Heidi Tofterå Slettemoen i Frende forsikring i ei pressemelding.
- Har du fått med deg denne? No kan du bestille noregsferien din på nynorsk
Menn er meir irriterte enn kvinner
Undersøkinga viser også nokre skilnader mellom menn og kvinner:
– Menn er dobbelt så irriterte som kvinner over andre nordmenn når dei er på ferie i eige land. Kvinner er på si side dobbelt så irritert over flåtten som menn, seier Slettemoen.
Menn er ifølgje undersøkinga også meir vêrsjuke enn kvinner, og det er betydeleg fleire kvinner enn menn som seier at ingenting irriterer dei med noregsferie.
Blant andre irritasjonsmoment finn ein temperaturen i havet, kø til attraksjonar, at det er lyst når ein skal sove og at det er dyrt å feriere her.
- Årets heitaste ferietips: Ytre-Paddeby har mykje å by på
Kva irriterer deg mest med noregsferie?
Kva irriterer deg mest med noregsferie?
Dette irriterer nordmenn på noregsferie mest
- Vêret
- At det ikkje vert skikkeleg varmt
- At eg eigentleg vil til utlandet
- Mygg
- Andre nordmenn
- Flått
- Temperaturen i havet
- Kø til attraksjonar
- At det er lyst når eg skal sove
Kjelde: Frende forsikring