−Nye norske nynorskpoetar har noko å seia
Nynorsk er ikkje berre eit vitalt diktarspråk, heiter det i desse dagar. Men det er jo det òg! Vi spurte Helge Torvund om tre gode døme på nye, nynorske diktarstemmer.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ny norsk poesi
Medan debatten går om nynorsk er verd å lære i skulen, om det er noko meir enn eit eksotisk utkantspråk som høver seg i dikt, tok vi oss tid til å gå litt i djupna og spørje Helge Torvund om kva som faktisk røyver seg i den nynorske diktkulturen. Torvund er kjend forfattar og diktlærar på Diktkammeret, psykolog og twitterpoet. Han har lese fleire unge diktarstemmer enn dei fleste andre dei siste åra.
Kva strøymingar finst hos dei nye, nynorskskrivande diktarane?
− Det skjer merkelege og spennande ting med språket dikt vert skrivne på i Noreg. Det kjem ut samlingar der prøvande debutantar skriv både på nynorsk og bokmål og drivne poetar som Øyvind Rimbereid og Terje Dragseth, skriv både på dialekt, på nynorsk og på sjølvkonstruerte språk. Vemund Solheim Ådland gav for nokre år sidan ut boka «Sep pran ek» som vel var skriven på eit heilt sært ådlandsk. Poeten Aina Villanger kjem frå Skien, og i si mektige samling «langsang. et flytans habitat» (Oktober 2012) baserer ho den munnlege skrivemåten på dialekt frå Grenlandsområdet:
med nynning blei tåter putta inn i rei
ut kom vibber a gurgel og gulp
te sist bleiru svøpt inn i favn
− Biletkunstnaren og poeten Kirsten Opstad har publisert boka «Tilsynelatande tilfeldig/Scheinbar zufällig» (Docupoint Verlag, 2011) på eit munnleg nynorsk med dialektinnslag, der det òg er dikt på bokmål og mange av dikta er gjendikta til tysk av Lutz-Rudiger Schöning.
Tre viktige diktarar
Kva unge diktarar som skriv på nynorsk vil du trekkje fram spesielt?
− Kristina Leganger Iversen har gitt sitt bidrag med den spesielle diktboka «Hjartemekanikk» som kom på Samlaget i 2011. Og i likskap med dei andre bøkene eg skal nemna, byggjer ho opp ein samanheng mellom dikta. Men i «Hjartemekanikk» skjer dette i så openbar form at boka òg har vorte kalla ein lyrisk roman. Denne underliggjande episke historia vert bygd opp gjennom klåre og konkrete observasjonar, tekoppar og t-skjorter, anatomi og nærast klinisk språkbruk. Eit sambuarpar skal ut å bada og hamnar i ei bilulykke. Mannen døyr, kvinna overlever. Kristina Leganger Iversen skildrar gjennom sitt verknadsfulle språk ei samansett verd med bråe skifte. Kjærleiken, forventningar, glede, ulykka, sjukehusopphald, sorg:
utanfor bygger dei byen
ut, sprengjer, slår fjellet
til støv, slår
pålane ned i grunnfjellet
og eg bankar på vår dør
i midten av ei blokk
medan veggene rister, bankar eg
på vår dør
vonar du vil opne, ta meg inn
tørke sveitte og støv
frå panna mi
Charlotte Riise
− Charlotte Riise fortel òg ei underliggjande historie ved hjelp av dikt i si debutbok «Eg treng tid til å sakne deg» som kom på Gyldendal i vår. Dette er ein diktar og ei diktsamling som viser oss at det går godt an å skriva slik ein har skrive dikt før. Ved å tilføre det personlege språket, eigne observasjonar, kan ein få dei til å kjennast levande og nært og nytt:
Eg tenkjer på desse augneblinkane ein minnast
der ein sit halvsovande på bussen heim,
desse augneblinkane andre ikkje veit ein har tatt del i
− Slik skriv ho i byrjinga av eit av dei første dikta i boka. Det fører meg rett inn i hennar tekstar og får meg til å følgje hennar historie om ei som opplever at storesyster vert borte. Ei bok om den spesielle systerkjærleiken, men altså òg om sorg og mange andre opplevingar og erfaringar. Òg andre former for kjærleik. Her kan ein lesar finna lag på lag fordi dikta er så gode og verknadsfulle.
− Det konsentrerte språket og det personlege motet i å gå inn i dette gjer inntrykk på lesaren. Uventa formuleringar, som at ein vil angre på dei rette tinga, og skarpe bilete som står som tatoveringar mot huda:
Kjem du heim, kom heim, kviskrar eg,
i susinga frå andre enden: Nei, ikkje enno, ikkje no,
det er så mykje å lese, det tek så lang tid.
På hi sida av vegen vel eg eit tre,
Om ho ikkje har kome når det blomstrar,
dreg eg og hentar ho.
*
Mellom døgna står eit kulehol
utan gnistar, eit mørke utan augneblinkar
i møte med alt som er klart: Glas,
vatn og neste tog systera mi tek heim.
Kristin Auestad Danielsen
− Ein annleis poet er Kristin Auestad Danielsen, som har publisert «Alle i Norge, i tre, i hengekøyer» i 2005 og «Nynorsken» i 2007, begge på Gyldendal. Ho leikar med språket og tankane våre på ein heilt særeigen og original måte. I «Alle i Norge, i tre, i hengekøyer» er det fullt opp av familiemedlemmar; brør og systrer, tanter og onklar, og dei raraste ting kan skje. Auestad Danielsen skapar ein driv og ein smittande energi, og det er noko livskraftig i måten ho vrir tradisjonelt lagnadstunge tema over i det absurde. I andre boka si, er det òg ein uvanleg blanding av politikk og humor, av klår tale og underfundig sjølvmedviten kunnskap om kva ei diktsamling er, og kva ho kan vera.
− I eit intervju om denne boka i Klassekampen, sa ho noko ein kan undre seg lenge over: «..du kan erstatta alt du er glad i med ordet nynorsk. Same om det er kjærasten din, eller mora di, eller kva som helst. For meg er det nynorsk.» I eit forord til boka skriv ho:«Denne diktsamlinga har som formål å hindre nynorsken frå å forsvinne.»Men så er ikkje boka heilt slik heller, for ho har framleis det same drivet, same muntre hoppeenergien. Men ho trekkjer inn den røynda me kjenner, og skriv både om nålevande og døde nynorskingar, «Hoemen» og «Fløgstaden», Arne Garborg, Åse Marie Nesse og Ivar Aasen. Og eg vert jo nøydt til å ta med det følgjanade, sidan det framleis er aktuelt:
Denne diktsamlinga har eitt formål:
Å hindre at Siv Jensen blir den neste statsministeren.
Eg skriver betre dikt viss Siv Jensen blir statsministeren
men då går samfunnet i hundane.
− Men sjølv om alvoret finst, og vert teke på fullt alvor når det gjeld nynorsken si stilling, er«Auestada» openbart ein poet med eit heilt eige glimt i auga og eit skrått blikk på mangt. Og ikkje minst med sans for rytme og klang og underfundig meining:
I love retro, etterkrigstida,
pedagogikken, gardinene, skjenkane,
tapetane, ein ekte verdikonservativ
sosialdemokrat, Herre Gud, gjenbruk, Herre Gud.
−Eit annleis påfyll
Torvund legg vekt på at å lese nynorske diktarar gir eit påfyll av tankevekkande ordbruk:
− Ulike poetar skriv på nynorsk, opptekne av erfaringane, kjenslene og språket. Ved å lesa dikta deira får du eit noko annleis påfyll av tankevekkjande ordbruk, tette tekstar der alvor og leik smett inn og ut mellom kjensler og tankar, kjente og ukjente, avsluttar han.
(Vi vil opplyse om at Kristina Leganger Iversen, som er omtalt av Torvund i artikkelen, også arbeider for for framtida.no, men at ho ikkje har hatt noko med akkurat denne saka å gjere)