Helsedirektøren: Usannsynleg med større samlingar i 2020
Fysiske samlingar på mellom 30 og 100 personar er usannsynleg i 2020, ifølgje helsedirektør Bjørn Guldvog.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Er vi kjempeheldige, så kan det kanskje skje i haust ein gong, men eg trur det er usannsynleg, sa direktør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet, ifølgje Dagen.
- Les også: Slik kan du få tida til å gå i karantene
Nødvendig med kontroll på smittespreiinga
Utsegna kom på eit webseminar i regi av NHO.
– Det er nødvendig å ha kontroll på smittespreiinga «ei god stund» før ein kan samlast i slike grupper, sa han.
Guldvog stadfestar utsegna overfor Dagen.
Kan kome til å vare lenge
– Sitatet er rett, og vurderinga mi er at forbodet mot større forsamlingar kan kome til å vare lenge, men det er knytt fleire atterhald og uvisse til denne vurderinga, skriv han i ein e-post.
Helsestyresmaktene bør ikkje leggje skjul på at det er usannsynleg at alt vil vere normalt att like over sommaren, meiner han.
– Men til denne vurderinga er det knytt uvisse, og dersom fleire forhold utviklar seg i rett retning, kan desse avgrensingane òg vare kortare, skriv helsedirektøren.