Meir makt til Språkrådet

Kulturdepartementet meiner at Språkrådet bør ha høve til å retteleie språkbrukarane om valfridommen i nynorsk og bokmål.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dermed står rådet fritt til å lage ei smalare tilrådd norm for nynorsk, slik styret i Språkrådet foreslo for departementet i fjor, skriv NPK.

Styrefleirtalet vedtok å lage ei slik rettleiande norm med lite valfridom da dei godkjente den nye rettskrivinga for nynorsk i september i fjor. Språkrådet fekk mykje kritikk for med dette å i realiteten føre vidare systemet med hovud- og klammeformer, og dessutan for å bringe det på banen først når den nye nynorsknorma var ferdig.

LES OGSÅ: Nytt og bedre nettkurs i nynorsk

No har Kulturdepartementet sagt kva dei meiner om den omstridde saka. I eit framlegg til nye fullmaktsreglar for det nye Språkrådet – som ikkje har hatt fullmakt til å normere norsk språk sidan det gamle Norsk språkråd vart omdanna i 2005 – får rådet eit nytt mandat til å rettleie språkbrukarane om valfridommen i bokmål og nynorsk.

Tilbod om hjelp
– Departementet gjer framlegg om ei rammeføresegn i vedtektene om at Språkrådet i høveleg form kan utarbeide rådgivande informasjons- og rettleiingsmateriell som eit tilbod til språkbrukarar som ønskjer hjelp til å velje mellom valfrie former i rettskrivinga, skriv Kulturdepartementet i høyringsbrevet til framlegget.

Departementet erkjenner at mange språkbrukarar har ei oppfatning om formvala «i språkleg og stilistisk konsistente tekstar» sjølv om valfridommen i dei offisielle normene faktisk er heilt fri frå ord til ord. Det er naturleg at Språkrådet gir språkbrukarane rettleiing om valfridommen ut frå den generelle rådgivings- og rettleiingsfunksjonen dei har i språkfaglege spørsmål, meiner departementet.

LES OGSÅ: Rasar mot sidemålskutt

Førebelse normvedtak
Etter framlegget får Språkrådet òg fullmakt til å normere nye ord og å endre stavemåten og bøyinga på ord som alt er tatt inn i rettskrivinga. Departementet meiner dessutan at rådet må ha rom til å justere skrivereglane når den faktiske bruken tilseier det, sjølv om alle meir gjennomgripande endringar og systemendringar må godkjennast av departementet.

Nytt er det òg at normeringsvedtaka i Språkrådet skal vere rettleiande og førebelse, men kan gjerast bindande «når språkutviklinga tilseier det».

Framlegget til endringar i vedtektene til Språkrådet er no sendt ut på høyring med høyringsfrist 1. oktober.

LES OGSÅ: Språkrådet hardt ut mot sidemålsframlegg

©NPK