Regjeringa lovar gyldig vitnemål til elevane

Koronakrisa skaper bekymring hos elevar som er bekymra for studiesituasjonen. Regjeringa lovar gyldig vitnemål til ungdomsskule- og vidaregåendeelevar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg forstår veldig godt at mange no er bekymra for eksamen og vitnemålet, seier justisminister Monica Mæland (H).

Ho seier at smittefaren gjer det vanskeleg å halde eksamenar på vanleg vis i store gymsalar og hallar, og at eksamen kanskje blir avlyst på dei lågare trinna.

– Men vi skal i alle fall sørgje for at ungdomsskule- og vidaregåendeelevar sjølvsagt får eit gyldig vitnemål, forsikrar ho.

Skype-eksamen

Ho legg til at munnleg eksamen kanskje likevel kan gjennomførast via Skype eller andre digitale kommunikasjonsplattformer.

Denne våren skal om lag 50.000 elevar gjere seg ferdig med 13 års skulegang. Over 27.000 studentar skal fullføre bachelorgrad, medan 11.000 gjer seg ferdig med mastergrada si.