Dette kan du lese i koronakarantene

Me har spurt eit knippe forfattarar kva du bør bruka tida di på å lesa no. Her er boktipsa!

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 25.03.2020 15:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forfattar Hanna Stoltenberg er nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for «Nada»Foto: Julie Pike (sett saman med utsnitt frå bokomslag til «Nada»).

Hanna Stoltenberg tipsar frå karantene

– I ei koronakarantene (som eg sjølv er i) kan det vere befriande å turnere mange ulike bevisstheiter og perspektiv, som ei form for sosialisering, skriv Hanna Stoltenberg.

 Eg anbefalar det brokete selskapet i amerikanske Deborah Eisenbergs uforutsigbare, skrudde og politiske noveller. The Collected Stories er ei 980 siders lang reise mellom husvagner og luksushotell, frå nord-amerikanske småbyer til globale metropolar og sør-amerikanske bananrepublikkar. Karakterane hennar – avdanka skodespelarar, CIA-agentar, krigsprofitørar, vestlege turistar, omstreifarar, barnegeni – betraktar verda rundt seg med forvirring og undring, som om dei ser alt for første gang, eit blikk eg tror mange av oss deler for augeblikket.

Sjølv skal ho endeleg lese ferdig Moby Dick, som har ligge på nattbordet alt for lenge.

 Og på dei rare, einsame turane i frisk luft, med alle andre på lang avstand, høyrer eg på Severance av Ling Ma, ein morosam og smått profetisk pandemi-roman, om ei ung kvinne som fortsetter å gå på jobb midt i en zombie-apokalypse, skriv Stoltenberg.

Mads Rage frå Tysnes debuterte i 2018 med dystiopien «Og skipet siglar vidare», før han i 2019 kom med den meir humoristiske «Miklastaur». Foto: Marie Sjøvold, Samlaget

Mads Rage: Make Room! Make Room!

Forfattar Mads Rage tenkjer at det kan vera ein trøyst med dystopiar og historier om situasjonar som er verre, som Pesten av Albert Camus, En beretning om blindhet av José Saramago, Oryx og Crake av Margaret Atwood, I trifidenes dager av John Wyndham eller Veien av Cormac McCarthy.

– Sidan me brått synest å ha eit umetteleg behov for langtidshaldbare matvarer: Make Room! Make Room! av Harry Harrison handlar om overbefolking og rasjonering i eit dystopisk New York. Filmen Soylent Green (1973) er laust basert på denne boka, tipsar Rage.

Richard Fleischer sin økodystopi «Soylent Green» frå 1973 skal vere laust basert på romanen «Make room! Make room!» frå 1966. 

– Og sidan me er mykje inne for tida: High-Rise av J. G. Ballard handlar om ein dystopisk klassekrig som går føre seg innandørs, det vil seia mellom bebuarane i ei bustadblokk, og dette er sjølvsagt tydeleg allegorisk gjort.

 

Gunnhild Øyehaug gav i fjor ut novelle- og essaysamlinga «Stol og ekstase+». Ho meiner noveller kan vere eit godt pusterom i nyheitsbiletet. Foto: Helge Skodvin

Gunnhild Øyehaug tipsar om noveller

– Den nye unntakstilstandshjernen trur eg ville ha godt av å lese noveller. Noveller er gode på den måten at dei treng merksemda di i kortare spenn, slik at ein kan følgje med på nyheitene, som no er så mange, og så omfattande og innimellom utslåande, skriv Gunnhild Øyehaug.

– Særleg trur eg unntakstilstandshjernen ville ha godt av den danske forfattaren Dorthe Nors sine dynamiske, konsise noveller. Dei får ein til å le, tenke og føle, og det kan ein ha god bruk for til dagleg, men særleg no, då ein innimellom kan slumpe til å føle seg lamslått. Novellesamlinga Kart over Canada kom ut på norsk i fjor, er omsett av Hilde Stubhaug, og eg elskar desse novellene, eg elskar å lese om han som trur han skal i ein romantisk date, men skal bli med i ei tantes bursdag, om Alice som har bestemt at ho er den rette til å passe på dødssjuke Einar med kvelande og sjølv-elskande katastrofe-interesse.

Forfattar og feminist Marta Breen meiner det er på tide å lese dei bøkene du har i bokhylla, som du har tenkt på lenge. Foto: Åsmund Holien Mo

Marta Breen: Hun, han og kvinnekampen

Forfattar og feminist Marta Breen lanserte nyleg Hvordan bli en (skandinavisk) feminist og er ein av mange som har måtte avlysa arrangement den siste tida

 Eg tippar dei fleste har veldig mange uleste bøker ståande i hylla som dei har planlagt å lese ein gong, og no er tida kome til å hente den fram! Sjølv skal eg byrja med Kjersti Ericssons Hun, han og kvinnekampen.

Mikrobiolog Åsmund H. Eikenes har gitt ut dei populærvitskaplege bøkene «Handboka» og «Sprut» på Samlaget. Foto: Tove Breistein

Også mikrobiolog og forfattar Åsmund H. Eikenes tipsar om å nytta høvet til å ta ein ny kikk i bokhylla og gje bøkene du allereie eig eit nytt forsøk.

 Mine funn: Knausgårds Min Kamp 1, ei novellesamling av Hanif Kureishi og Everything is Illuminated av Johathan Safran Foer. Ønsk meg lukke til! skriv forfattaren.

Biblioteka er stengt i desse dagar, men har du lånekort hjå eit bibliotek som støttar tenesta kan du låna e-bøker med eBokBib.

Biblioteka i Vestland fylkeskommune (utanom Bergen kommune), Noreg-Noreg, Innlandet, Vestfold-Telemark og Viken nyttar tenesta Bookbites.

I tillegg har Nasjonalbiblioteket eit nettbibliotek med digitaliserte utgåver av norske bøker utgitt før 2001. På grunn av krisa har Nasjonalbiblioteket utvida tilgangen og byrja å låne ut pliktoverleverte bøker i åtte timar av gongen, som kan gje tilgang til nyare litteratur.

Og sidan me skal halde kontakten med andre på eit absolutt minimum kan det vere lurt å også lasta eventuelle nye innkjøp ned som e-bøker.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com