Nynorsk journalistpris til Sele og Sandvik

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar vert i år delt på Hilde Sandvik i Bergens Tidende og Katrine Sele i Firda. 

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorskpris til Sele og Sandvik

Dei to prisvinnarane frå 25.000 kroner og eit kunstverk kvar. Prisane vert delte ut under Dei nynorske festspela i Ørsta, fredag 29. juni.

Katrine Sele er journalist i lokalavisa Firda, som kjem ut i Førde i Sogn og Fjordane. Ho arbeider som både nyhende- og kulturjournalist. Spesialiteten hennar er lange kulturreportasjar, ei blanding av reportasje, kulturartikkel og kommentar. Testane byggjer alltid på eit grundig arbeid på førehand.

– Ho snakkar med masse folk, har gode kjelder og stiller spørsmål som vi ikkje visste at vi lurde på. Tekstane lever vidare i tankane i lang tid etterpå, og ho er ikkje redd for å vekke debatt, skriv juryen om henne.

Sidemål
For Katrine Sele vart sidemålet hennar, nynorsk, arbeidsspråket i nynorskavisa Firda.

– Ho er såleis eit godt døme på at bokmålsfolk kan bli gode nynorskbrukarar, om dei vil, kan og må – og at det er viktig med sidemålsundervising i skulen. Språket hennar er enkelt og godt å lese, ho arbeider med det og har utvikla sin eigen tydelege "signatur", seier juryen.

LES OGSÅ: VG-redaktør vil ha nynorsk

Kommentariatet
Hilde Sandviker kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende. Ho skriv alltid nynorsk i kommentarane og intervjua sine, og kommentarane set stadig oftare dagsorden både for debattar i sosiale media og i debattprogram i radio og fjernsyn.

Sosiale media har opna ein heilt ny arena for kommentarstoff, og her har Hilde Sandvik skapt eit stort og godt rom ikkje berre for seg, men også for nynorsken. At ho har vorte ein del av det såkalla "kommentariatet", syner seg gjennom deltaking i alt frå debattprogram som Dagsnytt 18 og Aktuelt i NRK2 til prateprogram som Fredagspanelet i NRK P2 og Nytt på Nytt i NRK1.

LES OGSÅ: Her er årets nynorskbrukar

Uredd
I oktober 2011 kom ho med eit uredd og viktig bidrag i debatten om korleis kvinnelege skribentar og offentlege samfunnsdeltakarar blir møtt med sjikane, ikkje berre på nettet, men også av seriøse meiningsmotstandarar. Månaden etter skreiv ho Monsterfabrikken, der ho gjekk til kraftig åtak på ein venstresidepolitikar som ville mane til varsemd i debatten om innvandring etter 22.juli. Twitter jubla og Facebook kokte, kommentartrådane var mange og både god- og vondorda sat laust. I kommentaren Kjærleikens sørgereise viser ho korleis bruk av nynorsk er eit hinder for den som ynskjer seg karriere som journalist eller kommentator i norske media. Samstundes sette ho ord på kor kjenslevart og personleg spørsmålet  om bruk av nynorsk er for mange.

– Hilde Sandvik er ein uredd debattant, som går til åtak utan nåde når det trengs og som gjer klart og tydeleg greie for argumenta sine. Ho brukar gjerne personlege anekdotar for å belyse viktige saker, og skriv ofte nære og gripande kommentarar som er til inspirasjon for samkjensla i oss, heiter det i grunngjevinga til juryen.

NRK-journalist Gry Molvær, forfattar Olaug Nilssen, Tom Hetland, kommentator i Stavanger Aftenblad og Magni Øvrebotten i NRK Nynorsk mediesenter sit i juryen.

Les intervju med Hilde Sandvik og Katrine Sele!