Ein av åtte har fordommar mot jødar
Ny undersøking avslører antisemittisme i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein av åtte har jøde-fordommar
Senter for studier av holocaust og livssynsminoritetar (HL-senteret) har for første gong kartlagt nordmenn sine haldningar til jødar og andre minoritetar. Rapporten viser at 12,5 av befolkninga har utprega fordommar mot jødar.
Nokre spørsmål viser sterkare antisemittiske holdningar enn andre. 19 prosent av dei som svara støttar til dømes påstanden «Jødane i verda arbeider i det skjulte for å fremme jødiske interesser» og 26 prosent meiner det er sant at «Jødar ser på seg sjølv som betre enn andre».
– Vi skal ikkje ha eit samfunn der jødar opplever antisemittisme. Denne studien gir oss eit solid kunnskapsgrunnlag om haldningar til jødar, som vil vere viktig i arbeidet til regjeringa for å hindre diskriminering, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen då ho tok i mot rapporten.
HL-senteret har laga rapporten på oppdrag frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD). Det har i lengre tid vore debatt om haldningar til jødar i Noreg, og regjeringa ønskte derfor å få kunnskap om den faktiske situasjonen.
LES OGSÅ: – Jødar og muslimar må endra praksis
Lågare utdanna menn mest fordomsfulle
Undersøkinga viser at det er flest menn, eldre og personar med låg utdanning som har negative haldningar overfor jødar. Hos kvinner, yngre personar og dei med høgare utdanning er det lågare førekomst av antisemittisme, står det i rapporten.
HL-senteret tilrår vidare studier om antisemittisme i Noreg. Dei ønskjer òg at politiet byrjar å føre statistik for hatkriminalitet motivert av antisemittisme. Dette er noko Det Mosaiske Trossamfunn kravde tidlegare i vår, etter at dei fleire gonger har blitt utsett for truslar, sjikane og hærverk i det siste.
LES OGSÅ: Då Rogaland vart "Judenrein"
Negative òg til muslimar og romfolk
I undersøkinga er det i tillegg til spørsmål om haldningar til jødar, også spurt om haldningar til andre minoritetsgrupper i Noreg. Resultata viser at det er ein større del som har negative haldningar til kontakt med muslimar og romfolk enn til jødar.
Dei som har dei sterkaste antisemittiske haldningane er også dei som har mest negative haldningar til andre grupper.
– Negative haldningar og diskriminering av minoritetsgrupper er ei samfunnsutfordring. Å hindre diskriminering er avgjerande for å fremje deltakinga på alle samfunnsområde. Det aukar også sjansen for at den enkelte får brukt evnene sine, seier Inga Marte Thorkildsen i ei pressemelding.