Aukande jødehat i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det Mosaiske Trossamfund (DMT) har på éin månad opplevd elleve tilfelle av sjikane, hærverk og truslar. Etter dei grusame antisemittiske drapa i Toulouse krev DMT at politiet startar registrering av jødehat i Noreg.

– Når ein ikkje har oversikt over desse hendingane, er ein i dårleg stand til å kjempe mot det viruset som antisemittisme representerer i eit samfunn, seier DMTs leiar Ervin Kohn til Vårt Land.

Politiet har inga oversikt over kor mange slike tilfelle som finst på landsbasis. Men DMT har på eiga hand på éin månad registrert elleve tilfelle av sjikane, hærverk og truslar.

Dette inkluderer fire trusselbrev, inkludert drapstruslar. Vidare blei ein jødisk drosjesjåfør sjikanert og drapstrua på Gardermoen. Under ei jødisk gravferd stoppa ein forbipasserande mann og ropte «fuck the Jews» mean han gjorde nazihelsing. Nokre menn i ein bil har trakassert DMT-medlemmer og gjort nazihelsing, og det har vore to tilfelle av steinkasting på synagoga i Oslo. I tillegg har nokon kasta flasker mot synagoga, og det har blitt teikna hakekors og davidsstjerne i snøen på parkerte bilar i nærleiken av synagoga.

Politiet meiner det finst for lite jødehat til at ein kan føre detaljert statistikk.

– Poenget med statistikk er å kunne få ei god oversikt, følgje utvikling og setje i gang nødvendige tiltak, seier seksjonssjef Morten Hojem Ervik i Politidirektoratet.

Antirasistisk senters leiar Kari Helene Partapuoli meiner derimot at argumentet til politiet er dårleg.

– Med ein jødisk minoritet på rundt 1.000 personar, vil tala alltid vere små. Mange trur at antisemittisme ikkje eksisterer i Noreg, noko som gjer det vanskeleg å få gjort noko med problemet, seier ho. (©NPK)