– Jødar og muslimar må endra praksis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei høyringsfråsegn til Helse- og omsorgsdepartementet går barneombod Reidar Hjermann inn for at ei aldersgrense på femten år for omskjering av guteborn.

– Så kva skal vi gjera med jødane no?

– Vi skal ikkje gjera noko med jødane, men jødane og muslimae bør gjera noko med omskjeringsritualet. Dei bør finna alternative måtar for denne religiøse markeringa.

– Og om dei ikkje vil det?

– Det er ikkje slik her i verda at vi berre kan seia «vil ikkje», og så held vi fram som før. Med dette innspelet ynskjer eg å starta eit ordskifte, både generelt i samfunnet og internt i ulike religiøse miljø. Eg har ikkje gått inn for eit forbod eller straff. Men eg meiner at til dømes jødar bør lytta til interne krefter som har teke til ords for å finna alternative metodar. I USA er det no ein markert nedgang i omskjering mellom jødar, og det finst der organisasjonar som «Jødar mot omskjering» og «Lækjarar mot omskjering». I San Francisco er det òg snakk om å innføra forbod. Vi i Barneombodet har òg hatt møte med omskorne ungdomar og formidla kunnskap om konsekvensane av fenomenet, fleire har då endra haldning.

– Men kvifor vil du at ein skal venta til ein er femten før ein eventuelt vert omskoren?

– Omskjering handlar om eit ikkje-medisinsk grunngjeve inngrep på ein frisk kropp. Born skal ikkje utsetjast for slikt. Og om noko slikt likevel skal gjerast, bør dei som vert utsett for det, få høve til å gje samtykkje.

– Så du meiner at evolusjonen er perfekt, at vi har forhud av ein grunn?

– Ja, det meiner eg.

– Men evolusjonen gjev ikkje perfekte resultat?

– Kom med dømer.

– For lang korsrygg, blind flekk på auget, fontaneller på babyar …

– Vi må ha ein blind flekk, elles har ikkje nervetrådane ein stad å samla seg. Når ein skal ut gjennom fødselskanalen bør hovudet ha fleksibiletet.

– Du hevdar altså at menneskekroppen er god nok som han er?

– Ja, det gjer eg, og det er det medisinske utgangspunktet. Det finst rett nok nokre som hevdar at omskjering hindrar Hivsmitte. Om det er det strid. Men vi seier altså at ein skal venta med slikt til ein er femten. Den seksuelle lågalderen i Noreg er seksten. Men igjen: Vi er ikkje mot omskjering av gutar, vi seier berre at ein skal venta.

– Men om praksisen held fram etter at vi eventuelt har innført ei aldersgrensa, må det vel få strafferettslege konsekvensar?

– Styresmaktene bør vurdera om ein skal innføra kontrollar hjå helsesyster eller lækjar. Men straffesanksjonar er det ikkje vår oppgåve å meina noko om. Når det gjeld jenter, fekk vi fyrst lovforbod, så fekk vi etter kvart straffesanksjonar, og det vert òg gjeve straff sjølv om jentene samtykkjer.

– Styresmaktene seier du, men meiner du at det skal koma straff for omskjering av gutar?

– Eg meiner at born har rett til å styra over eigen kropp. Vi har no kome til eit tidspunkt i historia der vi må søkja å finna andre måtar å markera tilhøyre til ein religion. Ja, også born ser på omskjering som rett, men det er av di dei vaksne fortel dei at det er rett. Dette ritualet er ikkje etablert av born, men av vaksne. Difor har også vaksensamfunnet ei plikt til å finna alternative metodar.

– Korleis skal ei eventuell screening gå føre seg, skal vi berre plukka ut jødiske og muslimske born?

– Når det gjeld underlivs­undersøkingar, har vi hatt ein god debatt i samband om omskjering av jenter, men konklusjonen er vel at det må vera opp til helsestyresmaktene å avgjera kven dei vil sjekka. Det som derimot er rimeleg sikkert, er at ein god porsjon med informasjon og normativ regelsetting ofte fører at folk endrar både halding og framferd.

– Ei rekkje jødiske nobelprisvinnarar i medisin er omskorne og har omskore sine born igjen. Dei er vel informerte?

– Eg kjem ikkje med nokon generell karakteristikk av informasjonsnivået hjå korkje jødar eller muslimar. Mi oppgåve er å verna om rettane til born. Det er ingen grunn til at vaksne skal taka seg til rette og skjera forhuda av ein baby. Eg er trygg på at det vil verta langt mindre omskjering i framtida.

LES SAKA I DAG OG TID!