Studie: Ungdommar med angst blir friskare av gruppeterapi på skulen

Ungdommar med angst som har fått tilbod om terapi på skulen, blir friskare, ifølgje ein studie frå Universitetet i Bergen og forskingsinstituttet Norce.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tilbodet ungdommane som har deltatt i studien har fått, er eit nytt kurstilbod der skulane og helsesjukepleiarar har gått saman, skriv NRK.

Meir enn 300 elevar mellom 12 og 19 år på ni skular i Sør-Noreg har deltatt i studien frå Universitetet i Bergen og forskingsinstituttet Norce.

Fungerer svært godt

Bente Storm Mowatt Haugland. Foto: UniResearch

Forskarane bak studien har forska på opplegget i seks år, og dei slår fast at tilbodet fungerer svært godt på ungdommar med angst, skriv NRK.

– Helsesjukepleiarane klarer å gjere dette veldig bra. Det har effekt på angstproblema til ungdommane, korleis angsten verkar inn på kvardagslivet og grada av depressive symptom, seier psykologspesialist Bente Storm Mowatt Haugland til kanalen.

Berre 10 av 90 prosent i kontakt med helsevesen

90 prosent av dei som var med i studien, hadde så mykje angst at dei burde ha fått hjelp av spesialisthelsetenesta.

Men berre ein av ti prosent av dei hadde vore i kontakt med helsevesenet.

Kursa, som blir skildra som meistringskurs, fungerer som ei form for gruppeterapi der elevane blir delte inn i grupper på mellom fem og åtte elevar. Elevane har med seg ein forelder eller annan vaksenperson på timane. Kursa går over ti veker.

«Etter titals timar hjå psykolog, mykje tenking, mykje prat, massevis av tårer, mange opp- og nedturar, fleire år, og hundre erfaringar rikare – så står eg her fortsatt,» skriv Linda Watten. Foto: Krists Luhaers, Unsplash.com