Googles Chromebook gjer lite for nynorskelevar: Mållaget krev endringar i Opplæringslova
Skular over heile landet har dei siste åra kjøpt inn Chromebook frå Google i staden for PC-ar. Det blir merka særleg av elevar som skriv nynorsk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
PC-utfordraren er nemleg ikkje like innstilt på nynorsk som PC-ar med skriveprogrammet Word var, skriv Aftenposten.
Fleire skular klagar over at grammatikkontrollen ikkje eksisterer på nynorsk i Googles system, fortel Noregs Mållag, som har vore i kontakt med skulane. Innstillingane på nynorsk er dessutan dårlege, inkonsekvente og fører til teknisk kluss på den berbare datamaskina produsert av Google.
Krev endringar i Opplæringslova
– Problemet er at teknologigigantane tenker kommersielt og ikkje høyrer etter. Det minner om dansketida på nytt når krefter utanfor landet styrer språkutviklinga vår på ein så udemokratisk måte, seier leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag.
Mållaget jobbar no for at den nye opplæringslova skal krevje nynorsk òg for digitale læremiddel og læringsverktøy som ikkje er laga spesifikt for undervising. Det gjeld mellom anna tekstbehandlingsprogramma på Chromebook.
Google: Jobbar med fleire språk
Også Språkrådet vil stille strengare krav til teknologiselskapa i den same lova.
Google seier at selskapet har som mål å gjere tenestene og produkta sine tilgjengeleg på så mange språk som mogleg.
– Sjølv om vi per i dag ikkje støttar alle språk eller dialektar i produkta våre, jobbar vi heile tida med å utvide tilgangen, skriv informasjonssjef Helle Skjervold i Google Norge i ein e-post til Aftenposten. (©NPK)