– Vil me kjenna til denne delen av kulturarven vår, må me tola det som står, seier Madicken Schei (25). Ho er redaktør av ei ny type eventyrbok.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 28.12.2020 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nyutgjevne boka til Madicken Schei (25) «Syndige folkeeventyr» er ikkje heilt som alle andre eventyrbøker me kjenner.

Ho har nemleg samla 36 erotiske folkeeventyr, og fått kunstnarar over heile landet til å illustrere det – til tider ganske grafisk.

Ein kveld ho aldri gløymer

Det heile starta med ei bachelor-oppgåve på Westerdals og ein historikar i Bø i Telemark som lånte Schei fleire gamle, ukjende eventyrbøker. Ei av dei med namnet «Erotiske eventyr». Ei samling med folkeeventyr frå 1800-talet, som vart gitt ut på 70-talet.

Schei fortel livleg på telefon til Framtida.no, om dagen for tre år sidan:

– Den kvelden kjem eg aldri til å gløyma. Kollektivet las saman heile kvelden, såg på bileta og storkoste oss. Det var ei kjensle eg ikkje hadde kjent på sidan eg var lita, då foreldra mine las for meg.

Syndige folkeeventyr og redaktør Madicken Schei.

– Ingen ante at desse eventyra eksisterte

Så var idéen fødd. Om denne gamle boka kunne gjere så mykje for venegjengen, kva kan då ei nyare bok gjera? tenkte ho.

Bacheloren vart til ei falsk boklansering med utgangspunkt i eitt av eventyra. Ho laga design og printa ut ti små pocketbøker.

– Dei forsvann med ein gong. Ingen på min alder ante at desse eventyra eksisterte, fortel ho.

No har det gått tre år sidan prosjektet starta i ein historikarheim i Bø. Etter bacheloren fòr ho rundt med idéen sin om å gje ut dei illustrerte eventyra til ulike forlag, og hos vesle Fair forlag fekk ho napp. Dei ville vera med å realisera bokprosjektet.

– Det har vore ei fantastisk reise, seier 25-åringen.

Og nett det er det lett å tru på. Forlaget er ikkje av dei største, og Schei har iført seg alle hattane under prosjektet: redaktør, prosjektleiar, SoMe-ansvarleg, arrangements-ansvarleg og ikkje minst språkkonsulent.

Men ho har også fått mykje god hjelp av historikar Jarnfrid Kjøk og kulturforskar Sigrid Bø, som tidlegare har samla inn alle «syndige eventyr» me kjenner til frå folkebiblioteket. 250 stykk totalt.

– Dei er vandrande leksikon, så eg har hatt rolla med å representera dei unge. Det er mykje gamalt og vanskeleg språk, men skal boka selje må me jo forstå det som står.

Presten i bygda vår Illustrert av Frøydis Hansen Nyegaard

Sensurerte i over 100 år

Før Schei starta arbeidet, hadde ho eit nokså vanleg forhold til eventyr. Noko ein las som barn, klassiske eventyr med 1001 natt som favoritten og sjølvsagt timar framfor TV-en med Ivo Caprino-filmar.

– Var du overraska over at det finst så mange erotiske folkeeventyr?

– Veldig! No tenker eg jo at det er sjølvsagt! Dei hadde jo drøy humor då også. Men før dette ante eg ikkje at det fantest. Det er så mykje grov og mørk humor om valdtekt, mindreverdigheitskompleks og anna, som me i dag ikkje tullar om. 

I over hundre år vart dei erotiske eventyra sensurert, noko som har ført til at det er veldig lite kunnskap om dei. Men ho har likevel sine teoriar for kvifor dei oppstod, som til dømes kunnskapsformidling:

– Ein hadde jo ikkje internett og Google til å søka opp det ein trong, og heller ikkje seksualundervising. Så barn og unge kunne vel kanskje læra litt kva dei burde og ikkje burde gjera gjennom desse munnlege forteljingane.

Ein anna teori er at det var ein måte å harselera med makta på.

– Det er ein god del prestesatire til dømes. Folk kunne kanskje føla seg undertrykt av dei store maktene, og fekk utløp for frustrasjon og irritasjon ved å undergrava presten sin autoritet. 

Ikkje minst trur ho dei først og fremst fantest fordi dei er underhaldande.

– For humorens skyld, rett og slett! Etter eg var på P2 og snakka om boka, ringte ein gamal mann og sa at dei pleide å fortelje desse eventyra til kvarandre for å få tida til å gå, då dei var små og plukka poteter.

Til himmels på min manns pilt
Illustrert av Kristin Skårdal

Overraska over at det er Asbjørnsen og Moe

Alle dei 36 eventyra i boka er faktiske folkeeventyr, samla inn på 1800-talet av mellom andre Asbjørnsen og Moe.

– Folk har litt vanskeleg for å tru det. Når dei blar litt blir dei ofte sett ut, flaue og trur ikkje på at det er Asbjørnsen og Moe. Så les dei litt til og det er ein fantastisk overgang når dei ikkje synest det er flautt lenger. 

– Var det noko som vart for drøyt til å ha med? Vart noko sensurert?

– Nei. Det hadde vore noko heilt anna om ein hadde skrive tekstane i dag, men vil me kjenne til denne delen av kulturarven vår må me tola det som står. At dei er så gamle trur eg også gjer at folk får det litt på avstand. Til no har eg ikkje fått ei negativ tilbakemelding. Det er ganske vakkert.

Ho fortel at folkefavoritten er eventyret «Den seige pølsa». Sjølv greier ho ikkje bestemma seg for sin favoritt. Men ho likar godt Askeladden-figurane.

– Ein har jo gjort seg opp eit bilete om korleis han er frå dei andre eventyra. Men her bryt han alle dei førestillingane. Han er til dømes med i ein sexkonkurranse, så det er veldig gøy, ler Schei. 

Frisk – guss – spass –
gass – ber – hu!
Illustrert av Edvarda Braanaas

«Eg er ikkje nøgd med kuken din, den må vera større»

Med 250 eventyr å velgje mellom, måtte Schei setje seg nokre krav.

– Det skulle vera tydeleg humor og korte tekstar, så me fekk god plass til det visuelle innhaldet. Og så måtte det vera litt varierande kven som var den tapande part i forteljinga, slik at det ikkje berre vart «den unge, naive jenta», seier ho.

Ho håpar at boka kan føra til litt kunnskapsformidling i dag også.

– Då eg valde desse tekstane var det på eit så utruleg gamalt språk. Eg forstod konteksten, men ikkje alle dei små detaljane. Kvar gong me redigerte teksten, kom karakterane meir og meir fram.

Ho vart overraska over kor mange sterke og seksuelt bevisste kvinner, som sette krav til mennene sine, som var i forteljingane.

– Eg har berre gjort meg opp eit inntrykk av at kvinner i gamle dagar ikkje hadde så mykje dei skulle ha sagt. Når ein plutselig leser eit eventyr der dama seier: «nei eg er ikkje nøgd med kuken din, den må vera større», så får ein jo eit nytt syn på det. Det er veldig kult!

#metoo på 1800-talet

Ei av historiane er også overraskande dagsaktuell sjølv i 2020.

– Det handlar om ein mann som ikkje vil liggje med dama si, viss ikkje ho vil. Eg trudde at når ein var gift, så hadde ikkje jenta så mykje val på den tida.

I historia veit ikkje jenta kva sex er, og har fått beskjed om å halda seg unna menn. Så mannen går til svigermor og spør etter råd.

– Det handlar rett og slett om samtykke, seier Schei.

Eit av kriteria i utveljinga var også å ikkje ha med eventyr som skildra overgrep, fordi ho ville det skulle vera ei lett bok. Likevel var det eitt av eventyra ho var veldig i tvil på kva ho skulle gjera med. 

– Det var langt, ikkje særleg morosamt og handla om overgrep, seier ho og fortel om det siste eventyret i boka.

Om maktmisbruk – som får konsekvensar. Ein metoo-historie rett frå 1800-talet.

– Eg syntest det var ganske overraskande at dei i det heile tatt snakka om dette då. Det var så kult og vakkert at eg valde å ha det med. 

Ho lovar likevel at boka er lett og morosam, sjølv om nokre av dei har ei meir seriøs tone.

Knyte knute på pilen
Illustrert av Simen Langeland

Kan føra generasjonar tettare saman

No meiner Madicken Schei det er på tide å omfamna også dei syndige folkeeventyra som nasjonalskattar, på linje med dei meir tradisjonelle eventyra våre.

– Kanskje ikkje som pensum i barneskulen, men ja!

Ho meiner at det særleg er fint å ta vare på, for å tetta generasjonsgap og relatera til formødrene våre.

– Eg synest at avstanden mellom oss og dei i gamledagar blir mykje mindre når ein les dette. Me har veldig mykje lik humor, sjølv om det er mange hundre år mellom oss.

25-åringen har sjølv opplevd effekten eventyra kan ha, som tilsett i ein omsorgbustad for eldre.

– Dei kosa seg, lo og forklarte dei blinde korleis illustrasjonane såg ut. Det slo meg at eg kanskje hadde undervurdert dei eldre. Dei har jo vore unge ein gong dei også.