Har omsett eventyrklassikarar til nynorsk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eventyrklassikarar på nynorsk

– Eventyr skal ligge godt i munnen for det er der dei høyrer heime. Slik har eg tenkt når eg har jobba med dette stoffet. Det må skrivast slik at ein kan gjere seg fri frå det når ein les, fortel Maria Parr i ei pressemelding frå Samlaget.

Forfattaren frå Vanylven på Søre Sunnmøre har sjølv gjort stor suksess med bøkene «Vaffelhjarte» og «Tonje Glimmerdal», som er omsett til i alt 26 ulike språk.

No har forfattaren sjølv vore omsettar for «Barnas store eventyrbok» som snart kjem ut på Samlaget.

Utgjevinga femnar om klassikarar som «Dei tre Bukkene Bruse», «Raudhette og ulven», «Fyrtøyet», «Pannekaka», «Mannen som skulle stelle heime», «Den stygge andungen», «Tornerose» og «Bymusikantane frå Bremen».

Eventyra er illustrert med dei kjente illustrasjonane til Svend Otto S. (1916-1996), kjent frå åttitalets Bokklubbutgåve av «Eventyrskatten».