Kvardagshistorier frå elevdjupet

Det finst mange gode lærarar. Diverre finst der også nokre mindre gode, og det er det elevane som får lida for.

Vebjørn Sture
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som tillitsvald i Målungdomen reiser eg mykje rundt på skular, og der møter eg mange dyktige og velviljuge lærarar. Samstundes møter eg også på veldig mange elevar, som kan gje fyrstehandsskildringar av korleis opplæringa fungerer. Sjølv om lærarar flest fungerer godt, kjem me ikkje utanom at det også er ein del som ikkje fungerer. Som ikkje kan faget sitt. Som fører til at mange elevar diverre kan rapportera om ganske hårreisande tilfelle. Lat meg gje eit par døme:

På hurtigbåt ein stad i Noreg prata eg med ein nynorskelev (16). Han hadde vakse opp med nynorsk som hovudmål, men var ein av få frå grunnskulekullet sitt som heldt på nynorsken etter overgangen til vidaregåande. Det var ikkje berre enkelt, mellom anna fordi læraren på ungdomsskulen til dels hadde lært bort direkte feil nynorsk grammatikk. At ein lærar bommar på nokre klammeformer i ny og ne, er ei ærleg sak. Å læra bort heilt ravgalne variantar av den mest grunnleggjande grammatikken, derimot, er ganske alvorleg.

Ville ein norsklærar sloppe unna med å læra bokmålselevar hakkande galen bokmålsgrammatikk? Og hardnakka stått på at det var rett? Sjølvsagt ikkje. Men i nynorskland, der kan visst alt gå an – ser det ut som enkelte meiner. Og så lurer me på kvifor nynorskelevar byter til bokmål, eller kvifor dei synest bokmål er lettare?

På ei ferje prata eg med ein bokmålselev (17). Ho hadde vakse opp med bokmål, i eit språkblanda område. I utgangspunktet var ho nokså lunken til alt som hadde med nynorsk å gjera. «Eg skjønar ikkje kvifor me skal læra det, eller kvifor det skal finnast i det heile teke», sa ho. Heilt oppriktig undrande, utan den nedlatande tonen som stundom fylgjer med slike utsegner.

Etter å ha spurd henne litt ut om bakgrunnen for at me har to skriftspråk, og årsakene til at det er bra å kunna begge, vart det ganske tydeleg at skepsisen hennar hadde rot i alt ho ikkje visste, i alt ho aldri hadde fått læra på skulen. At nynorsk er eit egalitært skriftspråk, bygt på norske dialektar? Aldri høyrt om. At bokmål er bygt på dansk, og fornorska med utgangspunkt i eit svært snevert utval av norsk talemål? Aldri høyrt om. Men så snart ho fekk vita, skjøna ho også mykje av det som før hadde verka meiningslaust.

For å oppsummera desse to døma ganske kort: Det finst norsklærarar der ute som tek seg arbeid i nynorskområde, utan å vera i stand til å læra bort nynorsk. Fordi dei ikkje kan nynorsk. Og der finst norsklærarar som anten ikkje kjenner bakgrunnen for dei to skriftspråka dei skal læra bort, eller som ikkje ynskjer å læra elevane om det, jamvel om det står i læreplanen.

Einskildlærarar får me ikkje gjort noko med i ei handvending. Norske lærarar er vanskelege å sparka, og det er uansett slik at for mange av dei som ikkje fungerer, handlar det om evne meir enn om vilje. Rota til dette problemet ligg såleis i lærarutdanninga.

Det er nemleg fullt mogleg å verta uteksaminert som norsklærar utan å meistra nynorsk. Eller utan å ha lært å læra bort nynorsk, korkje som hovud- eller sidemål. Universitet og høgskular flest bryr seg fint lite om å sikra at lærarstudentane deira er kompetente i begge skriftspråka. Sidemålsdidaktikk – korleis sidemål best kan lærast bort – er så å seia fråverande. Slikt fører ikkje berre til dårleg læring og tilhøyrande dårlege haldningar hjå elevar – det gjer naturlegvis også noko med korleis somme norsklærarar ser på sitt eige fag. Ein norsklærarar som kan faget sitt fullt ut, har ingen grunn til å læra bort feil, eller ignorera pensum. Derimot byrjar opplæringa å skranta nøyaktig der læraren sin kunnskap manglar.

Ingen ville funne seg i å ha ein mattelærar som lærte bort feil multiplikasjonsreglar, eller som droppa algebra-kapittelet fordi han ikkje kunne det så godt sjølv. Det er ingen grunn til at me skal finna oss i noko tilsvarande i norskfaget. Når lærarmangelen framover skal staggast med masse nyutdanna lærarar, er det heilt vesentleg at utdanningssystemet utstyrer framtidige norsklærarar med kompetanse i både nynorsk og bokmål, språkhistorie og sidemålsdidaktikk. Der har kunnskapsministeren ein viktig jobb framfor seg.