«Neineinei ikkje gå, rull meiner eg… Me skal få deg inn altså»

Anna-Maja Helgesdotter Andersen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Diktet var først publisert på Facebook og bloggen til Norges Handikapforbund Ungdom (NHFU) og er republisert med velvilje frå forfattaren.

Berre vent litt
Må finne vakta, ho har nykkjel
til den andre døra

Berre vent litt
Det kjem snart ein annan trikk

Berre vent
Det er ryggen
Vonleg kjem det andre som kan lyfta

Berre vent litt her du
så skal me sjå korleis me skal løysa dette
For du skjønar det at det kjem aldri sånne som deg hit!
Neineinei ikkje gå, rull meiner eg…
Me skal få deg inn altså
Kanskje rekk du konserten og –

Neste gong bør du kanskje finna deg ein annan stad

Oj!
Berre vent litt
Skal nok få deg inn
Men du kan ikkje koma til toaletta
og skuffelboarden er i andre
Går det bra?

Berre vent
Du har vel tid til å venta?
Det kjem eit anna tog om ein time og fem minutt
Der kan du trilla rett inn
Det stoggar jo ikkje akkurat der du skal av,
men det går vel buss uti der, gjer det ikkje?

Berre vent litt
skal sjå om det går an
å finna eit bord til deg
Så kan du sitta her
Eg ska be kelnaren koma ned

Berre vent eit liiite bèl
Så BRAAAA at du er her!
VELKOMEN !
Det kan ikkje vere lett for deg
i all denne snoen
Men du må jo vere veldig sterk
Og forresten så må du inn på baksida her du
Får sjå om du får brøyta deg fram

Berre vent
me må bli samde om
me i det heile gidd å fylgja lova
Det er så mykje styr
Sånne som deg burde finna på noko anna
Ein annan stad
Ikkje misforstå
du må GJERNE nytta tilboda våre, altså
Men då må du finna deg i å venta

Berre vent litt, snille du
For du burde ringt fyrst
sånn at me er budde

Berre vent litt
Heisen er full i varer
Kanskje best at du kjem att neste gongen
Og du, møtet strøymast jo
Du kan sitta her nede og sjå det i mobilen din

Berre vent
Her kjem det til å koma folk
Å få ein rullestol inn her er innvikla
I høve brannforskrifene
Me vil gjerne at du kjem altså
Det er berre det at du er ein risiko
Viss det skjer noko liksom —
du veit

Berre vent litt
Eg skal skunda meg
Det er jommen kaldt her ute!
til neste gong er det kanskje greit
at du tek med deg eit pledd eller sånn
Me har prosedyrar
Eg kan dei berre ikkje
Rullestolar har liksom aldri vore eit problem her
Det er så lite relevant
For det kjem ingen

Berre vent —
vent med å koma
til me har flytta

Berre vent
Berre vent litt
Eg skal kalla på ein som kan syna deg heisen
i det andre bygget legre borti gangen her
Det kjem du deg opp i konferanserommet
Du må berre gjennom eit lager
Vonleg er det rydda unna litt
For sjølvsagt skal du få vere med!
Men du har jo ikkje vore her før
Me er ‘kje vande med hemma folk me

For det er DU som er problemet her
Det må jo du skjøna!
Dei fleste kjem jo seg fram sjølv
Om du absolutt VIL joina
einkvan som gidd å nytta tida si på sånne
er ikkje dette rette staden
HUSJ!

Berre vent litt
Det får du finna deg i
For det er ikkje OSS det er feil på
Kom ikkje her og trakk på ryktet vårt
Du er heldig som i det heile får lov til å vere her

Berre vent
til det blir din tur

Mari Hansen er frilansjournalist og rullestolbrukar, og har fleire gonger opplevd å måtta sjå på konsert åleine. Foto: privat