Yrket mitt: Fredrik (36) er direktetekstar

– Brenn du for godt språk og likar at det skjer mykje i løpet av ein dag på jobb, så kan det vere jobben for deg, seier Fredrik Island Gustavsen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein dag såg eg at det var utlyst jobb som direktetekstar i NRK, og tok ein test på nett for å sjå om eg skreiv like raskt som dei oppgav som krav i utlysinga (over 500 teikn i minuttet). Det gjorde eg, så eg søkte.

Fredrik Island Gustavsen (36) fortel om korleis han litt tilfeldig fann fram til yrket som direktetekstar i NRK.

Gustavsen har alltid vore interessert i språk, grammatikk og rettskriving. Han var også i ein kort periode leiar i Norsk Målungdom.

– Eg har også brukt PC veldig mykje, og vore van med å både chatte og spele mykje på PC frå eg var tidleg i tenåra. Eg jobba først deltid ved sidan av ein annan jobb eg hadde i 100 %, men då det vart mogleg å få full stilling, så slo eg til. Eg var heilt hekta!

Foto: Privat

– Svarte det til forventningane?

– Heilt klart. Dette er ein spennande jobb der ingen dag er lik. Vi tekstar alle program som går direkte på NRK sine kanalar, og det er alt frå nyheitssendingar som Dagsrevyen, Debatten, Dagsnytt 18, Melodi Grand Prix og vintersport.

Det gir også eit skikkeleg adrenalinkick å vere på lufta på direkten, så eg synest kvar einaste vakt er spennande.

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Vi jobbar i turnus, så vi jobbar anten på dagtid eller kveldstid, i tillegg til at vi jobbar kvar 3. helg. Ein typisk arbeidsdag startar med at vi som skal jobbe saman set opp ein plan for kven som skal direktetekste kva i løpet av den aktuelle vakta.

I tillegg til å tekste direkte, har dei også nokre program og små filmsnuttar som ikkje går på direkten som dei tekstar til seinare bruk.

På morgonen tekstar dei Nyhetsmorgon og legg ut tekst på alle distriktssendingane som går i reprise på NRK2.

Ifølgje Gustavsen er kveldane veldig varierte. Då kan han til dømes tekste Dagsnytt 18, Norge nå og Urix, eller han kan tekste nyheiter kl. 17, Tegnspråknytt, Dagsrevyen, Dagsrevyen 21 og Kveldsnytt.

Ofte er det andre direktesendingar innimellom, som til dømes sport.

– På laurdagane er det alltid stas å få tekste Stjernekamp, MGP, MGPjr eller andre store direktesendingar!

I mars 2019 vann KEiiNO ein overlegen siger i den norske Melodi Grand Prix-finalen. Å direkteteksta store liveshow er ei gøy utfordring for direktetekstarane. Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Den mest relevante utdanninga for å bli direktetekstar, er tolkeutdanninga innan teiknspråk. Her lærer ein skrivetolking, som liknar veldig på direkteteksting. Her er ein tolk med ein som ikkje høyrer og skriv det som blir sagt til dømes på ei førelesing eller i eit møte, forklarar 36-åringen.

Mange som er direktetekstarar har denne bakgrunnen, men like mange har andre typar utdanning. Det er ikkje noko formelt krav om ei spesifikk utdanning, men du må bestå ein skrivetest og ein språktest før du eventuelt kan kome inn til opplæring.

– Språkutdanninga mi førebudde meg noko, sidan det er høge krav til godt språk og rettskriving i NRK, men eg har også lært utruleg mykje om språk etter at eg byrja i jobben.

– Kva er det beste med jobben?

– Det er å få jobbe med noko eg verkeleg brenn for – godt språk. Direktetekstarane er ein engasjert gjeng som elskar å diskutere språk og finne gode løysingar saman. For meg betyr det mykje.

– Eg kan spørje kollegaane mine om råd, og vi diskuterer ofte lenge og vel. Då lærer vi utruleg mykje av kvarandre. Eg likar også svært godt at jobben er så variert, og at det er eit moment av stress og uforutsigbarheit i jobben.

– Vi tekstar det som går direkte på TV, og sendingane på TV kan raskt endre seg. Plutseleg skjer det noko ute i verda, og så kjem det ei direktesending vi berre må kaste oss ut i. Det er gøy!

Fredrik Island Gustavsen likar variasjonen i jobben som direktetekstar i NRK. Foto: Privat

– Kva er det mest utfordrande?

– Det som er noko av det mest morosame, kan også vere noko av det mest utfordrande. At ting skjer raskt, og at det plutseleg blir endringar i planane. Av og til kan det også vere vanskeleg for oss som direktetekstar å høyre kva som bli sagt, og av og til snakkar folk veldig fort på TV. Då er det ei utfordring å greie å få med så mykje som mogleg av det som blir sagt.

– Kven passar yrket for?

– For deg som likar at det kokar litt rundt deg og er veldig glad i språk. Det er ein føresetnad at du skriv raskt (over 500 teikn i minuttet) og at du greier å halde hovudet kaldt og takle stress.

Vidare forklarar Gustavsen at du må kunne skrive utan å sjå på tastaturet, sidan du er avhengig av å sjekke at teksten du skriv, som kjem ut på skjermen, er korrekt. Du må ofte også følgje med på andre datasystem samstundes, og greie å kommunisere med den eller dei du jobbar saman med, gjerne medan du er “på lufta”.

– Brenn du for godt språk og likar at det skjer mykje i løpet av ein dag på jobb, så kan det vere jobben for deg.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Lær deg touch-metoden. Det er mange vegar til Rom, så om du alt skriv fort utan at det er rein touch, så kan det også gå fint. Du må ha høg skrivehastigheit.

Du kan teste skrivehastigheita di på ulike nettstader. Ein nettstad mange brukar er 10fastfingers.com. Dei har ein eigen skrivetest for norsk.

– Mange som jobbar hos oss har blitt kjappe på tastaturet av å chatte mykje med vener. Øv deg på å sjå vekk frå tastaturet når du skriv. Det er ei treningssak. Til slutt hugsar du kor alle tastane er på tastaturet, og då er det også mykje lettare å få opp skrivehastigheita.

«Nå skal Petter Northug forsøke å klatre opp Marit Bjørgen», skreiv Fredrik Island Gustavsen ved eit uhell. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Vi har mange gode hjelpemiddel når vi direktetekstar. Vi har autokorrektur på vanlege skrivefeil og tastefeil, og også noko vi kallar «makroar». Det er kortformer ein kan leggje inn på sin personlege profil, som skriv ut orda, så det er ein god snarveg.

Om ein til dømes skriv «koki» på tastaturet, blir det «kontroll- og konstitusjonskomiteen», medan «mre» blir «menneskerettigheter».

–  Ein gong skulle eg tekste Tour de Ski, og Petter Northug stod foran siste etappe, Monsterbakken. Eg trudde eg hadde laga ein makro for «Monsterbakken» på «mb». Det hadde eg ikkje, der låg «Marit Bjørgen». Det såg rimeleg komisk ut då teksten min kom på skjermen: «Nå skal Petter Northug forsøke å klatre opp Marit Bjørgen». Den teksten sletta eg rimeleg raskt. Det er slike feil ein berre gjer ein gong, og alle direktetekstarar har gjort ein sånn feil ein gong. Det kan vi le av i dag!

Gunvald Ottesen dirigierer i ein produksjon av «Figaros Bryllup» ved Noregs Musikkhøgskule i 2017. Foto: Sindre Ohrvik Hopland

Fredrik Island Gustavsen

Alder: 36

Frå: Trondheim

Yrke: Direktetekstar i NRK

Utdanning: Litteraturvitskap og nordisk språk frå UiO