– Bruk festivalane meir

Festivalar er publikumsmagnetar og kan gjere underverk for omdømmet til kommunane.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik bør festival- ane brukast

Likevel er det få kommunar som verkeleg brukar festivalane til å profilere seg.

– For mange kommunar, særleg i distrikta, er festivalane heilt klart ein uutnytta ressurs i profileringsarbeidet, seier direktør i Distriktssenteret, Halvor Holmli.

I ein ny studie av festivalar og kommunar utført for Distriktssenteret, viser Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) at kommunane er dårlege til å bruke festivalane i profileringa av staden, kommunen eller regionen. Både arrangørar av festivalar og kommunar gir utrykk for at potensialet for å gjere seg synleg ved hjelp av festivalane er stort.

Stad og identitet
Studien omfattar festivalar i 11 distriktskommunar. Den same gruppa av kommunar brukar store ressursar på å utvikle omdømmet sitt. Festivalar er ofte eit naturleg grunnlag for profilering av kommunen fordi dei byggjer på lokale identitetsmerke, som fjellfriluftsliv i Rauma og rakfisk i Valdres. Andre festivalar har ein gong for alle tilført eit nytt element som blir knytt til staden, som Ekstremsportveko på Voss.

SJÅ OGSÅ: Her er dei beste Veko-videoane

– Kanskje gløymer mange kommunar å nytte seg av byggjesteinane som alt ligg der – som til dømes festivalar, seier Holmli.

Dømet Rauma
Særleg i mindre lokalsamfunn er det samanfallande interesser i at bygda eller staden blir oppfatta som attraktiv. Rauma i Møre og Romsdal har gått inn for å bruke Norsk Fjellfestival som utgangspunkt for kommunen si eiga profilering. Medan festivalen dyrkar fjella, klatring og det enkle friluftslivet, vil Rauma vere ”verdas beste kommune for naturglade menneske”.

– At kommune og festival dreg i same retning, er til felles gagn, seier Holmli.

LES OGSÅ: Dette er årets festival

Passivitet overfor besøkande
Kommunale nettsider gjer lite bruk av festivalane. Dei elleve kommunane i den kvalitative studien nytta ikkje festivaldagane som eit høve til å reklamere for busetting, næringsetablering, hyttebygging eller ei større totaloppleving rundt besøket. Når mange besøkande og heimvende er samla i ein positiv setting, og attpåtil innafor eit avgrensa område, burde kommunen vere meir på hogget.

– Distriktskommunar bør særleg merke seg kva festivalar betyr for folk. Blant dei som kjem for å oppleve festivalar, finst det både innbyggjarar og potensielle tilflyttarar. Begge er gull verdt, seier Holmli.

Her kan du lese heile rapporten ”Festivalkommuner – samhandling mellom kommuner og festivaler”!