– Pensum på norsk er truga
Forskarar får ikkje poeng for å skriva pensumbøker. Ny rapport ropar varsku.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er lite akademisk og økonomisk lønnsamt for forskarar å skive nye pensumbøker. Mangelen på utteljing truar framtida for fagpensum på norsk, heiter det i ny rapport.
– Ein alvorleg trussel mot pensum på norsk framover synest å vere det at forskarar ikkje prioriterer å skrive pensumbøker, fordi dette arbeidet verken gir fagleg eller økonomisk utteljing, skriv forskarar ved forskingsinstituttet Nifu i ein ny rapport, ifølgje Aftenposten.
Medan forskarar får publiseringspoeng for å skrive artiklar i tidsskrift, gir nemleg ikkje nye, norske pensumbøker akademisk utteljing, ifølgje avisa. (©NPK)
Bør det gjevast poeng for å skriva pensumbøker?