Klimademonstrantar vart fjerna då Erna Solberg skulle opne museum
Ei gruppe demonstrantar frå organisasjonen Extinction Rebellion vart vist bort då dei ville demonstrere ved ny opninga av Naturhistorisk museum i Bergen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Statsminister Erna Solberg (H) opna måndag museet som har vore stengt i seks år på grunn av oppussing.
Klimademonstrantane hadde ifølgje NRK bestemt seg for å «kuppa» opninga, og dei møtte opp svartkledde med gravsteinar skorne ut i papp med namn på utdøydde og trua dyrearter.
– Me har hatt fleire møter med museet, som seier dei er veldig opne for å samarbeida med oss i andre samanhengar, og me hadde ikkje noko planar om å øydeleggja opninga. Me skulle ha ein stille og roleg demonstrasjon, der me berre skulle stå og halda opp desse gravstøttene, seier Rick Akerboom i Extinction Rebellion til Framtida.no.
Demonstrantane krev langt sterkare klimatiltak frå regjeringa.
- Les også om den britiske klimaaktivisten i same organisasjon: John (91) meiner politikarane må handla på klimakrisa med same hastverk og nivå som under andre verdskrig.
Demonstrantane vart vist bort
Politiet viste likevel bort demonstrantane frå områda framfor inngangen, og dei tok til slutt oppstilling heilt bakarst på museumsplassen.
Det heile føregjekk udramatisk. Ifølgje politiet hadde miljøaktivistane tatt seg inn på eit avsperra område og vart bedne om å gå utanfor sperringane.
Statsministeren opna museet uforstyrra
Statsministeren kunne dermed halde opningstalen uforstyrra. Då kunne ho røpe at det som er det eldste museet i landet, hadde vore favorittmuseet hennar i barndommen.
– Dette bygget er viktig for heile identiteten til byen, slo ho fast.
- Visste du at mange av dei gamle dyra vart dømd til å vera for stygge til å stillast ut på nytt? Les saka om dei etterlatne dyra på Naturhistorisk museum.