Klimaforskar Steffen Kallbekken har sett på effektane og konsekvensane av statsbudsjettet for 2020.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskar om klimatiltaka i statsbudsjettet: – Effekten på kort sikt er svært liten

Statbudsjettet for 2020 er lagt fram, og rett over 7 milliardar kroner er sette av til klimatiltak. Det var løyvd ekstra pengar til både klimaforsking og utvikling av karbonlagring, men fleire gremja seg over at budsjett-forslaget ikkje legg opp til dei store kutta i norske utslepp.

Me spurde forskar Steffen Kallbekken kva alle desse klimakronene eigentleg betyr for klimaet.

– Kva er klimaeffekten av pengebruken i årets statsbudsjett? 

– Det er krevjande å talfesta effekten. Med relativt små endringar i avgifter som kan påvirka utslepp på kort sikt, og investeringar i teknologi og infrastruktur som mest av alt vil ha effekt på lenger sikt, så er effekten på kort sikt svært liten. Den er noko større om vi ser fleire år fram i tid.

– Kva tenker du som forskar om budsjettet?

– Dette er et budsjett for ei forsiktig og gradvis omstilling, og gir oss ikkje dei store utsleppskutta vi treng om vi skal nå våre eigne mål. Det er eit budsjett som ikke er i tråd med kva forskinga seier at vi treng.

– Regjeringa forsvarar mellom anna det låge talet i framskrivingane for utslepp i 2020 og 2030, med at effektane av politikken i statsbudsjettet for 2020 ikkje er rekna med i desse utrekningane.

– Er det mogleg å sjå at ein faktisk oppnår større utsleppskutt med effekten av Statsbudsjettet 2020? Så store at ein ligg an til å nå klimamåla for 2020 og 2030?

– Det er rett at effekten av årets statsbudsjett ikkje er med på framskrivingane, men regjeringa har site i seks år, så effekten av dei fem forrige statsbudsjetta er med. Det er liten grunn til å tru at årets budsjett vil ha spesielt stor effekt på utslippa. Det er svært lite truleg at årets budsjett vi gi nokon betydelege utsleppskutt. Til det er endringane som kuttar utslipp for små – og det er for mange endringar som vil dra utsleppa i feil retning.

– Må det større omveltingar til i folk sin kvardag for å gjera store nok endringar til å nå klimamåla til Noreg?

– Det finst mange ulike vegar til målet. Større atferdsendringar som mindre bruk av privatbil og fly, og å ete mindre kjøtt, vil redusera utsleppa. Men det vil det også gjere å byte ut bensinbilen med elbil og å lukkast med karbonfangst og -lagring fra industrien.

– Er det nokon av postane i statsbudsjettet som er altfor svake, i forhold til det som faktisk trengst?

– Dei aukar til dømes CO2-avgifta med 5 prosent til rundt 545 kroner per tonn CO2. Tidlegare utrekningar har vist at avgifta må vera på rundt 1500 kroner per tonn, om vi skal nå utsleppsmålet for 2030. Det gjeld også meir generelt at det er mange endringar som går i rett retning med tanke på å få ned utsleppa, men at desse endringane er for små til at endringane skjer raskt nok.

– Er det nokon av postane som overraskar? Anten positivt eller negativt.

– Regjeringa gjer ein bra ryddejobb i avgiftene, mellom anna ved å fjerna nokre fritak frå CO2-avgifta og ved å sørgja for at biodrivstoff som ikkje er berekraftig, må betala vegbruksavgift. Det er også fleire auka løyvingar til klimavenleg teknologi og transport.

– På den negative sida, vil kutt i vegbruksavgifta oppheva effekten av å auka CO2-avgifta i transportsektoren, og det vert framleis brukt veldig mykje pengar på vegbygging.

– Legg statsbudsjettet opp til ei rask nok omlegging?

– Nei. Regjeringa slår fast at vi ikkje når det innanlandske målet for 2020, og vi har framleis ein veldig lang veg igjen å gå om vi skal ta størsteparten av kuttet på 40% i 2030 gjennom innanlandske tiltak.

Bilete frå Klimabrølet 30. august 2019 i Oslo. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Steffen Kallbekken

  • Forskingsleiar ved CICERO Senter for klimaforskning
  • Direktør for CICEP Senter for internasjonal klima- og energipolitikk
  • Har ei doktorgrad i økonomi frå Universitetet i Oslo
  • Har forska på klimapolitikk sidan 2002