1,2 millionar til Framtida.no og Framtidajunior.no

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er veldig fornøgde og glade for at Kulturdepartementet på denne måten anerkjenner arbeidet me gjer for å sikra barne og unge eit digitalt kvalitetstilbod på nynorsk, seier Svein Olav Langåker, redaktør i barne- og ungdomssatsingane på nynorsk Framtida.no og Framtidajunior.no.

Får jobba meir langsiktig

Sist statsbudsjett fekk ikkje LNK dei 1,2 millionane dei hadde søkt om til drifta av Framtida.no og Framtidajunior.no, men fleirtalet i Kulturkomiteen på Stortinget påpeika at dette var viktige tiltak som burde vidareførast. Ved behandlinga av revidert budsjett før sommaren klarte Venstre, KrF, Høgre og Framstegspartiet å sikra fleirtal for å løyva 1,2 millionar til satsingane i 2019.

Når støtta blir vidareført i 2020, gjer det arbeidsforholda meir føreseielege for redaksjonen.

– Det betyr at me får jobba meir langsiktig med å laga god journalistikk for barn og unge over heile landet, og gjer at me får halda på dei dyktige journalistane me har i redaksjonen, seier Langåker.

Vekst i talet på brukarar

Framtida.no og Framtidajunior.no er dei språktiltaka på nynorsk som når flest i Noreg for minst pengar.

Så langt i år har 800.000 brukarar vore innom nettsidene, noko som er ny rekord.

– Me har aldri hatt høgare trafikk enn så langt i år, og reknar med å setja ny årsrekord i god tid før jul, seier Langåker.