Statsbudsjettet: – Me er på veg mot ein varmare klode og eit kaldare samfunn

Stortingsvara Solveig Skaugvoll Foss (22) etterlyser ei nedskalering av den norske oljeverksemda.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette budsjettet er behageleg for dei som sit godt i det og ikkje skal leve lenge nok til å føle på dei verste klimaendringane.

Det sa SV-politikar Solveig Skaugvoll Foss frå Stortingets talarstol etter at regjeringa i dag la fram neste års statsbudsjett.

– Legg det opp til enno meir klimaendringar

Statsbudsjettet for 2020 er på 1414,6 milliardar kroner. Regjeringa reknar med å få 245 milliardar i oljeinntekter og legg opp til å bruka 243,6 milliardar oljekroner.

– Dette budsjettet det løyser ikkje våre to største utfordringar. Tvert imot så legg det opp til endå meir klimaendringar og endå større forskjellar mellom folk. Me er på veg mot ein varmare klode og eit kaldare samfunn, meiner SV-representanten.

22-åringen sit som vara på Stortinget for Kari Elisabeth Kaski. Ho har sett seg lei på ein klimapolitikk der Noreg betalar andre for å kutte.

– Det som hadde betydd noko for klima i dette budsjettet ville vore å leggje til rette for nedskalering av vår eiga oljeverksemd, eller kome i gang med vår eiga satsing på lagring og karbonfangst, avslutta Skaugvoll Foss.

Tidlegare har vararepresentanten vore regionssekretær i Natur og Ungdom.

Natur og Ungdom: – Eit svik

Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord. Foto: Ingvild Eide-Leirfall

Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord er heller ikkje imponert over det finansminister Siv Jensen (Frp) la fram måndag.

– Dette budsjettet er nok eit svik mot dagens ungdom, seier Natur og Ungdom-leiaren i ei pressemelding.

Han reagerer på regjeringa sine førespegla kutt i norske klimagassutslepp.

I forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram reknar regjeringa med at norske klimagassutslepp i 2030 vil ligge på 45 millionar tonn CO2-ekvivalentar.

Det er eit kutt på berre 12,1 prosent samanlikna med referanseåret 1990, og på 14,9 prosent samanlikna med dagens utslepp. Det melder NPK/NTB.

Det er langt unna det vedtekne målet til norske myndigheiter som er at Noreg innan 2030 skal kutte klimagassutsleppa med 40 prosent, samalikna med 1990.

Mot klimastupet

Før helga sa Gaute Eiterjord til Framtida.no at det komande statsbudsjettet burde innehalde eit klimabudsjett og tiltak som gjer at Noreg ligg i tråd med å kutte minst 60 prosent av utsleppa våre innan 2030.

Natur og Ungdom-leiaren viste då til skulestreikane som har gått føre seg i landet det siste året, og meinte statsbudsjettet for 2020 var regjeringa sin mogelegheit til å innfri krava og vise at det ikkje berre var tomme ord.

No meiner han statsbudsjettet syner at regjeringa nedprioriterer «vår tids største utfordring».

– Konklusjonen er at Noreg framleis styrer mot klimastupet, seier Eiterjord.